Gå til innhold



Foto
- - - - -

Garasjen til Chevy1974


This topic has been archived. This means that you cannot reply to this topic.
8 replies to this topic

#1 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 06 August 2009 - 14:17

Det er vel på tide eg opprettar ein garasje eg også.

Den 1. mai 2009 tok eg fly til Evenes (Narvik) for å kjøpe ein 1992-mod Chevrolet G30 Van. Tross alvorlege angrep av rust, og manglande 2.gir tok eg sjansen på å fullføre kjøpet og starta turen heimatt til Bergen. Var heime på 2 dagar utan problem smile.gif

Før sommarferien var planen at både rust og girkasse skulle utbedrast, men girkassa fekk eg dessverre ikkje tid til å fikse. Dermed vart det trekking av campingvogn rundt halve Sør-Norge utan 2.gir ohmy.gif (men det gjekk heldigvis bra tongue.gif)

Har derimot fått hjelp av ein kamerat til å rustsveise bilen. Resultatet vart ganske bra, men pga tidspress og gammal lakk vart fargen mildt sagt alternativ biggrin.gif

Utpå hausten ventar litt meir pussing og flikking før bilen skal heil-lakkerast på nytt.

Detaljar om bilen
1992-mod Chevrolet G30
Motor: 6,2D
Gir: 4l80E (4-trinns m/overdrive)
Køyrelengde: 360.000
4 kapt.stolar + 4-seters sofa (8 seter totalt)
Modifisert av Starcraft, versjon med høgt tak

Planar framover
- Fullføre rust-bearbeiding og lakkering
- Overhale girkassa (i alle fall finne feilen og utbedre denne)
- Oppussing innvendig
- Utføre service og småreparasjonar i motor mm

Bilder
Fleire bilder vil komme etterkvart.

Chevy_001.jpg
Her er bilen nylakkert og klar for tur. Ein smule 80-tals-preg tongue.gif

Chevy_002.jpg
Overnatting på Lærdal Camping

#2 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 06 September 2009 - 14:08

Har sjekka feilkoder på go'bilen i dag. Brukte følgande framgangsmåte:
Avlese ODB-koder

Fann 3 feilkoder:

22 Throttle position sensor (TPS) - signal voltage is low
Fuel cutoff relay circuit - open or shorted to ground

85 Programmable Read Only Memory error or undefined
gear ratio (input or output sensor failure)
Torque converter clutch (TCC) - TCC is mechanically
stuck on

86 Analogue/Digital Electronic Control Module (ECM)
error or shift Solenoid "B" stuck on

Det blir vel å lese litt meir på forumet for å finne ut nøyaktig kva eg skal gjere med dette. Reknar i alle fall med at noko av det kan relaterast til manglande 2.gir.

#3 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 09 July 2012 - 11:17

Her har det skjedd veldig lite på veldig lang tid. Eg har ikkje gjort så mykje med G30en min, men i fjor haust kjøpte eg meg ein G20 bensin. Vart lei av diesel-lyden og ville ha meg noko med finare lyd :D
I tillegg har den meir personbil-preg og kan køyrast av andre i familien som ikkje har C1-lappen.

G30en har eg tenkt å legge ut for salg, men har aldri fått ut fingeren og gjort dette. Eg avskilta den før nyttår for å sleppe årsavgift, og har nokre småreparasjonar som må gjerast før den blir lagt ut. Diesel-lekkasje i retur-slangane er det viktigaste. Dette må fiksast for å unngå diesel ned på eksosmanifolden. Mulig eg vil beholde bilen og prøve å pusse den skikkeleg opp i staden for å selge den, men det var det med tid og tilgjengelighet då... :P

G20en er den nye feriebilen vår og skal snart ta oss til Danmark i ei veke. Har hatt den på Service hos Bergheim og fått bytta kompressor pluss alt anna av vanleg hoved-service-arbeid. Her kunne eg spart veldig mykje pengar om eg hadde hatt erfaring i slikt arbeid, men målet er å klare dette sjølv etterkvart.

No har eg oppdaga at det er ein lekkasje i kjølesystemet. Eit bitte lite hull øverst på radiatoren gir ein fin tynn stråle av kjølevæske når det er godt med trykk i systemet. På tmgang og ved kald motor er det ingen tegn til lekkasje.
Eg åpna også opp lokket på radiatoren og der fann eg eit tjukt grå-kvitt skum heilt øverst. Litt søking på nettet indikerer at dette kan komme av eksos i kjølevæska, noko som igjen betyr gåen toppakning. Eg håpar ikkje det er dette som er årsaken, men eg må forske litt meir for å finne ut kva som skjer.

Eksosen er litt kvit etter oppstart ved kald motor, men blir fin og usynlig etter ei stund. Eksosrøret er vått inni rett etter oppstart, men blir tørt etter ei stund.
Olje og filter vart skifta på Bergheim for to veker sidan utan nokon bemerkning, så med mindre dette har skjedd dei siste dagane, så er det ingen lekkasje av kjølevæske inn i oljen. Eg skal peile og sjekke oljekvaliteten seinare i dag, så då bør eg få svar på dette.
Motoren oppfører seg som den brukar. Ingen tegn til dårlig ytelse eller ujevn gange. Lyden er fin både frå motorrom og eksos.

Enn så lenge har eg berre nokre teoriar å gå etter. Her må det forskast og leitast litt for å finne ut kva som skjer. Eg trur likevel at det er ufarlig å bruke bilen normalt enn så lenge.

Eg skal prøve å oppdatere garasjen min oftare enn eg har gjort tidlegare. Når eg no endeleg har begynt å mekke litt sjølv vil det vere meir aktuelt å legge ut info også, så får vi sjå kor informativt det blir etterkvart :)

Edited by Chevy1974, 09 July 2012 - 11:18.


#4 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 09 July 2012 - 14:28

Oljen ser fin ut. Ingen melkeaktig farge, men kan sjå ut som det er ørsmå svarte partiklar i den, nesten som eksos.
Kjølevæska har ikkje noko meir av det skummet. Mulig dette hadde hopa seg opp over tid. Derimot er det eit tynt olje-sjikt på toppen.
Sidan kjølevæska ikkje har vore skifta kan jo dette vere gammalt.
Eg ser ingen tydeleg bobling i radiatoren, men enkelte sporadiske luftbobler viser seg på overflata innimellom. Vanskeleg å seie om det er tilførsel av luft eller andre faktorar, det er i alle fall ikkje nokon vesentleg mengde som eg har sett på enkelte videoar på nettet.

Ringte Bergheim, og det skal ikkje vere noko farlig å køyre med den slik den er no så lenge nivå på både kjølevæske og olje blir sjekka og etterfylt regelmessig.

Litt kjedelig start på ferien, men håpar alt fungerer bra fram til eg har tid til å fikse det :)

#5 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 09 July 2012 - 23:25

Har endeleg fått til å bytte returslanger på G30en no. Det var ein svært trang fornøyelse. Makan til kronglete tilkomst skal du leite lenge etter. Fekk tatt dei som låg verst tenkelig til i dag, så no skal det gå greitt å ta dei andre også :)

#6 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 14 July 2012 - 19:04

På G20en var det heldigvis ikkje nokon lekkasje i toppakninga. Fleire små hol på radiatoren vart konstatert, og eg fekk tak i ein ny hos Phoenix akkurat i tide til å nå ferieturen (dei hadde berre 1 på lager). Den nye er montert, og heile systemet er trykktesta.
Skulle gjerne ha gjort dette arbeidet sjølv, men pga tidspress måtte det bli ei dyr rekning hos Bergheim i staden.
No er uansett bilen i fint feriehumør, så stort bedre kan det ikkje bli :)

#7 hunnes

hunnes

    Offroader

  • Supermedlem
  • PipPipPip
  • 102 Innlegg:

Posted 15 July 2012 - 09:41

ny radiator ekje feil. kan hjelpe møkje det på stemninga. :)

#8 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 15 July 2012 - 15:11

Ja, det var i grevens tid også. Var nok eit tidsspørsmål før den gamle hadde rakna heilt i saumen. No fungerer bilen kjempefint på danske fine vegar :D
350en er ikkje akkurat nokon sinke når det gjeld akselerasjon heller, men luftmotstanden gjer at eg likar å halde meg i bedagelege 100-110 på motorvegen.
Ser at 95-oktan kostar under 12 kroner her, så då er det jo ikkje aldeles krise om eg brukar litt meir likevel ;)

#9 Chevy1974

Chevy1974

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 168 Innlegg:

Posted 29 September 2012 - 22:04

Lite oppdatering her for tida. Ferien er over, og den daglege transporten blir utført av trøsykkel :whistle:
No står ein ny liten ferie for tur (høstferie for skulebarna), og då må go'bilen (G20) sjekkast og ordnast igjen :jump:

Det er berre latskap som har gjort at eg ikkje har fiksa manglande nærlys tidlegare, men i sommar var det jo lyst nok til at det gjekk greitt uten :innocent:
Ein fantastisk kabelspaghetti over og rundt batteriet gjorde jobben litt meir omfattande enn ønskelig, men til slutt fekk eg riktig belysning på bilen.
Greitt med Biltema-butikk med stor parkeringsplass (Mjøndalen) der det går an å stå og koble med lett tilgang til nye delar etterkvart som eg oppdagar kva eg har gløymt å kjøpe :innocent:

Eg må nok rydde opp i kaoset der framme etterkvart, men no har eg i alle fall riktig lys der eg skal ha lys, så då får oppryddinga bli vinterprosjekt (eitt av dei mange prosjekta som kanskje blir ferdig) :wacko: