Då har eg endeleg tatt meg tid til å oppdatere nå etter påsken.
Mandagen i påsken fekk eg flytta ramma ut på utsida av garasjen og spylt den rein innvending.
Dette gjor eg med å fylle opp innsida med såpevatn, la det ligge ei lita stund, for så å opne alle lufte hola igjen og spyle ut all melassen og vatnet med høgtrykkspylar.
Etter dette var det tid for inspeksjon.
Det gråe er heilt reint ubehandla stål.
Det var enkelte flekker med rust igjen, men dette var ikkje av alvorleg grad, så alt i alt er eg ganske fornøgd.
Då spylinga var ferding måtte eg få tørka ut alt vatnet, dette var den jobben som tok lengst tid.
I og med at eg ikkje har nokon form for vifte ovn eller gass ovn måtte eg ta takke med ein blåselampe til å varme opp ramma for å få fordampe ut alt vatnet. Det tok litt tid
Etter dette var det innvendig behandling med Fluid Film. Det var eit graps utan like, og Biltema hulroms sprøyta sleit med å suge det seige grapset opp frå beholdaren. men eg fekk det ut tilslutt.
Tirsdagen spylte eg reine eit par deler eg og har hatt liggande i melasse.
Ser her at det til venstre alt har begynt å få litt brunfarge, så det gjeld å vere rask.
Anna som er gjort, men gløymd å dokumentera, er:
Malt begge nedre bærearmer blåe
Malt begge bremseskjolda gule
Grunna undersida av ramma.
og så tok arbeidslysta slutt for den påsken, så nå har eg vore ganske innaktiv dei siste vekene på Pajero fronten, men fått gjort litt på Gliset og eit skule prosjekt.
Ja, eg fekk og endelig rota med til å bestille sperre, så der forsvann eit par studie lån men i juni ein gong, då eg får den, bør eg vel ha resten av Gobilen klar
Kanskje