Gå til innhold



Foto
- - - - -

Tores Galloper (konebil)

garasje hyundai konebil

This topic has been archived. This means that you cannot reply to this topic.
9 replies to this topic

#1 Torebo

Torebo

    Nytt medlem

  • Medlem
  • Pip
  • 7 Innlegg:

Posted 02 August 2013 - 10:53

Hei,

 

Fekk eit innfall (les annfall) her i starten av veka, kjøpte Galloper prosjekt på finn for nesten ingenting.

 

Bilen hadde gått med lekasje rundt vasspumpa ei stund, men det har vore etterfyllt vatn og det har vist gått bra lenge. Så ein dag var det blitt gløymt å fylle på, og bilen kokte det vesle vatnet som var. Den fekk stå ei stund, og når det vart fyllt på meir vatn kom det damp ifrå eksosen. Toppakninga var gåen. Vidare er det freista å ta av toppen på litt feil måte, så den henger etter ein bolt, som på toppen av det heile sit fast.

 

Planen er å byte topp, byte regreim og vasspumpe. Motoren går rundt, så eg vonar at dette skal vera nok til å få den i gang.

 

Vidare er wastegaten "knefta" for å auke turbotrykket. Dersom eg får motoren til å gå att så skal dette truleg stillast attende til orginalen.

 

Eg har ikkje sett bilen sjølv enno. Min far har tatt seg av besiktinga, og den er no levert heim til mine foreldre.

 

Kona har bestemt at eg må køyre Audi, og at dette skal verte hennar konebil. Den diskusjonen er ikkje heilt avgjort enno.

 

Bileta under ifrå annonsa på finn.no:

08_210155851_xl.jpg 08_226984594_xl.jpg 08_471248966_xl.jpg 08_1255093676_xl.jpg 08_1626192683_xl.jpg 08_2052259573_xl.jpg

 

Bileta under ifrå når bilen vart levert på hengar:

2013-08-02_110800.jpg 2013-08-02_110817.jpg



#2 HardKåre

HardKåre

    Skogens kongle

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPip
  • 7424 Innlegg:

Posted 02 August 2013 - 13:49

Så flott ut i karosseriet...
Du kan gjerne ha påstilt litt turbotrykk, det kan disse motorene trenge... :P Men prøv å holde deg under 1bar (0,65 originalt).

Dessuten kler den litt større tøfler, 31-32" kanskje? :) Blir den vanskelig nok å komme inn i får du kanskje beholde den selv? :P


Sent from my iPhone using Tapatalk
If it ain't broken, you haven't been looking good enough!
HardKåres Pajeroer
HardKåres Amerikanere

#3 Torebo

Torebo

    Nytt medlem

  • Medlem
  • Pip
  • 7 Innlegg:

Posted 16 August 2013 - 19:20

Har vore i gong med dette ei tid no. Eg fekk av toppen fyrste kvelden eg hadde bilen, ved hjelp av vinkelslipar.

Har kjøpt ny topp, vasspumpe, registerremsett, filtersett og litt småsaker på Milner Off Road. Turbotrykksmåler og voltmeter på Biltema med tilhøyrande instrumentholdarar for monterin oppå senterkonsollen og bøttevis med ymse rens og olje. Til og med Haynes manualen er på plass.

Har satt isaman nye toppen med gammal innsugmanifoil, eksosmanifoil osb på benken og skal montere oppi bilen i morgon.

Er det nokon som veit kor hardt ein skal dra til dieseldysene? Finner det ikkje i manualen.

Beste helsing,
T

#4 manfred

manfred

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 982 Innlegg:

Posted 17 August 2013 - 13:14

Er det nokon som veit kor hardt ein skal dra til dieseldysene? Finner det ikkje i manualen.
Beste helsing,
T

Med ny värmebricka (kopparskiva) håller de med 65-70nm. Mycket noga med rena gänger o lite fett, så trycket blir på kopparskivan o inte motstånd (friktion) i gängerna.
Mvh
Manfred

#5 Torebo

Torebo

    Nytt medlem

  • Medlem
  • Pip
  • 7 Innlegg:

Posted 24 August 2013 - 07:53

Med ny värmebricka (kopparskiva) håller de med 65-70nm. Mycket noga med rena gänger o lite fett, så trycket blir på kopparskivan o inte motstånd (friktion) i gängerna.
Mvh
Manfred

Takker :)



#6 Torebo

Torebo

    Nytt medlem

  • Medlem
  • Pip
  • 7 Innlegg:

Posted 24 August 2013 - 10:00

No er det på tide med ei ordnetleg oppdatering og visning av bilete. 

 

DSCF1598.JPG

Slik såg det ut når me starta arbeidet oppi motoren.

 

DSCF1601.JPG

Her er bilete av bolten som sitter fast. Det er ikkje så lett å sjå, men bolten som sitter fast er mellom ventilane til stempel 3 og 4.

 

DSCF1616.JPG DSCF1621.JPG

Det tok oss ca 4 timar med Dremel og vinkelslipar å få toppen av. Skar av toppbolten, dinest vart det eit par timar med lirking og luring for å tre toppen av den delen av bolten som sat att. Me brukte lastestropper(!) festa i takstolane på garasjen og heiste den opp litt etter litt. Når toppen var av var det berre å nytte ei vasspumpetong, så kom resten av bolten lett ut.

 

DSCF1617.JPG DSCF1618.JPG

Ser ut som om stempel 4 har fått køyrt seg litt, men det verkar som det er mest kosmetisk. Motoren gikk i alle høve særs lett rundt og etter nokre rundar med pakningsfjernar, barberblad og smergelpapir så fekk blokkar litt betre shine over seg.

 

DSCF1620.JPG

Slenger med eit bilete av dieselpumpa, her har plomberinga forsvunne og det er stilt opp litt ifrå førre eigar.

 

DSCF1622.JPG

Tok ut toppen med begge manifoilane på. Turbo osv vart og med. Her er bilete av øydelagd topp med alle delane eg trenger, plassert på garasjegolvet.

 

DSCF1623.JPG DSCF1624.JPG

DSCF1625.JPG

Bilete under gamletoppen. Stadfestar inntrykket av at stempel nr 4 ikkje har hatt det godt.

 

DSCF1626.JPG

Denne helga vart avslutta med eit bilete av tilkoplinga til eksosen.

 

Eg bestilte desse delane ifrå Milner Off Road:

 

- 2084A Built up Cylinder Head

- 3709 Water Pump

- 6079K Timing Belt Kit

- 5319K Air/Oil/Fuel Filter Kit (Round Cylinder type Air Filter

- 3919 Liquid Gasket

 

Bestilte også Heynes manual og brukte verkstadheftet til Mitsubishi 4D56 motoren som eg fann her.

 

Luftfilteret som var med i filterpakken passa ikkje til Galloper. Så eg har eit nytt og ubrukt luftfilter av rund type som eg ikkje får brukt til noko.

 

Eg slurva diverre litt med bileta mine ei tid og har ikkje fått tatt så mange under oppbyggingsprosessen.

 

Gjorde omlag slik:

- Pussa blokka med 800 våtslipepapir. 

- Satte alle dei naudsynte delane ifrå gamletoppen på den nye.

- Talja topp med manifolier osb inn i motoren med kjettingtalje.

- Satte på ny vasspumpe

- Satte på ny balansereim og regreim

- Stilte inn timing

- Skrudde saman resten.

 

Min far har hjulpe til ein del og vart bitt av basillen. Han reiste til Askim og kjøpte seg Galloper han og, rett nok ein som verkar. Det har hjulpe mykje at me har hatt ein anna bil å sjå etter i sluttfasen.

 

Streva også som berre det med å få løyst bolten som holder drivhjulet til kamakslinga då den skule flyttast over. Det viste seg at det var veldig begynnarfeil, sidan den satt med gjengelim og det som skulle til var mykje varme, ikkje rå kraft. Det var rett før eg knakk latmannsarmen då dette skulle av.

 

Lufta dieselsystemet og bilen starta, sjølv med berre 3 glødepluggar. Den eine sitter berre i for tettheita si skuld og lyt skiftast snarleg.

 

Gløymde å stramme til den eine skruen for reimstramminga av servopumpa, så den satt fast og sleit av reima. Då vart det ny reim der.

 

Mesteparten av skruinga har foregått i min fars garasje. Sidan bilen gikk på torsdagskveld, så vart det finpuss og avreise heimover med bil på fredag, altså i går.

 

3 timars køyretur med ein bil som eg nett har bytta alt på, er spanande. Eg hadde med ekstra vatn og olje, og det var bra for motoren lakk kjølevatn som ein sil.

 

2013-08-24 08.30.08.jpg

Måtte stoppe, ta av intercooler og skru til ei klemme som eg hadde gløymd. Naudløysing med strips fungerer til dels, så lekkasjen vart mindre.

 

Ulukke på vegen så eg vart ståande lenge utan moglegheit til å skaffe vatn, så bilen kokte sjølvsagt for meg også. Trur det gikk bra, for det ser ikkje ut til at det har komme vatn i oljen eller omvendt.

 

Etter eg fekk fiksa nokre av lekkasjane så stoppa det å leka bakpå motoren og starta å leka frampå. Eg veit ikkje kva dette er enno, men det er i alle høve mykje mindre.

 

Eg måtte stoppa fleire gonger på turen også etter eg fekk stramma til litt fordi temperaturen var for høg. Eg veit ikkje heilt kva som gjorde det, men håpar det berre var luft i kjølesystemet. Når temperaturen gikk opp så høyrdes motoren ut som ei tekanne som kokar, samt at det ved enkelte høve bobla voldsomt i ekspansjonstanken.

 

Heile turen vart tatt utan at temperaturmålaren inni bilen kom opp på raudt, sjølv den gongen motoren kokte litt, då var den dog faretruande nærme.

 

 

I dag har eg ikkje vore ute å sett på den då turen i går vart i overkant frustrerande. Eg håpar at eg slepp å ut med så alt for mange deler for å få motoren tett. Min far sliter og med litt varmgang på sin 2001 Galloper med 2,5 TD når motoren vert pressa litt på turtall i oppoverbakke osv. Han måtte på med varmeapparatet i går då han skulle på fjellet med fire vaksne samt baggasje, utan hengar. Er kjølesystemet på desse bilane litt underdimensjonert?

 

2013-08-24 08.27.59.jpg 2013-08-24 08.28.25.jpg

2013-08-24 08.28.42.jpg 20130824_082759.jpg

Bilen er kommen heim til parkeringsplassen. Her står den og kjøler seg ned. Den lekker kunn når motoren er varm, og medan motoren går, eller medan den er varm og det framleis er trykk i kjølesystemet (t.d. med ein gong eg har stoppa).

 

2013-08-24 08.28.10.jpg

Spesialfiks på baklyset.

 

2013-08-24 08.28.56.jpg

Montert turbotrykksmålar. Voltmeter skal inn ved sidan av. Målaren er ser ut til å vera litt for sensitiv, då nåla ristar noko voldsomt på tomgang og på høge turtal.

 

2013-08-24 08.29.35.jpg 2013-08-24 08.29.45.jpg

2013-08-24 08.29.55.jpg

Motoren etter nedkjøling ved enden av fyrste langkøyring. Oppi her lekker det ein plass eller to.



#7 Kirneh

Kirneh

    Skogens Konge

  • Medlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1024 Innlegg:

Posted 26 August 2013 - 09:24

For et flott innlegg! :)

 

Bestilte også Heynes manual og brukte verkstadheftet til Mitsubishi 4D56 motoren som eg fann her.

 

Hyggelig at mitt innlegg var til nytte. :)

 

Eg måtte stoppa fleire gonger på turen også etter eg fekk stramma til litt fordi temperaturen var for høg. Eg veit ikkje heilt kva som gjorde det, men håpar det berre var luft i kjølesystemet. Når temperaturen gikk opp så høyrdes motoren ut som ei tekanne som kokar, samt at det ved enkelte høve bobla voldsomt i ekspansjonstanken.


Jeg vil tro at motoren vil få det mye bedre når du får tettet kjølesystemet.

 

I dag har eg ikkje vore ute å sett på den då turen i går vart i overkant frustrerande. Eg håpar at eg slepp å ut med så alt for mange deler for å få motoren tett. Min far sliter og med litt varmgang på sin 2001 Galloper med 2,5 TD når motoren vert pressa litt på turtall i oppoverbakke osv. Han måtte på med varmeapparatet i går då han skulle på fjellet med fire vaksne samt baggasje, utan hengar. Er kjølesystemet på desse bilane litt underdimensjonert?


Et sted bilen min (Mitsubishi L200) lakk var røret som kommer inn bak på termostathuset, så det er nok verdt å sjekke. Etter jeg satt på ny o-ring med pakningspasta her ble det tett og fint. Tok også en rens av kjølesystemet og nå fungerer kjølesystemet tipp-topp. Vil tro at å få det tett og en rens gjør susen for dere også. :)

 

 

Montert turbotrykksmålar. Voltmeter skal inn ved sidan av. Målaren er ser ut til å vera litt for sensitiv, då nåla ristar noko voldsomt på tomgang og på høge turtal.


Målern dirrer sånn hvis man ikke har en restriktor på slangen. Jeg løste dette ved å sette på en kuleventil, så jeg kan strupe slangen til turbotrykksmålern manuelt. Se her for bilde av åssen jeg har det.



#8 Torebo

Torebo

    Nytt medlem

  • Medlem
  • Pip
  • 7 Innlegg:

Posted 29 August 2013 - 16:16

Et sted bilen min (Mitsubishi L200) lakk var røret som kommer inn bak på termostathuset, så det er nok verdt å sjekke. Etter jeg satt på ny o-ring med pakningspasta her ble det tett og fint. Tok også en rens av kjølesystemet og nå fungerer kjølesystemet tipp-topp. Vil tro at å få det tett og en rens gjør susen for dere også


Takk for triveleg tilbakemelding. Eg trur du har skrive om dette røyret på termostathuset ein anna plass også innpå her. I alle høve så hadde eg på eit vis fått det med meg at dette kunne vera eit sårt punkt. Eg satte inn den gamle o-ringen med pakningsstoff medan eg satte på ny vasspumpe. Så dette trur eg var einaste plassen på motoren der det var tett.

Grunne til lekkasjane var i stor grad min eigen dårskap. Eg brukte nemmelg opp att dei gamle slangeklemmene som var av type klypeklemme. Eller eingongsklemme om ein vil.

Det lakk på:
- Inntaket til vasspumpa.
- Slangen som går inn i toppen bak.
- Slangen som går inn på toppen framme
- Det store retur røyret som går ifrå motoren og over til radiatoren.

Eg klarde det meste av dette sjølv, men slangen som går inn framme på toppen ender opp mellom motoren og dieselpumpa. Eg hadde ikkje lange nok fingre, ei heller langt nok verktøy til å fikse det sjølv. Løysinga vart å sette den på verkstad.

I dag har den fått ein ny slangebit, to nye slangeklemmer og eit nytt batteri. På verkstaden....

Meknikaren har vidare oppdaga at det lekker motorolje og servoolje...

So då vert det påan igjenn over helga.

Fyrst, ut å køyre bil : D

#9 OleH

OleH

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 158 Innlegg:

Posted 15 December 2015 - 14:08

Hey, har kjøpt meg galloper sjøl nå nylig, å lurte på hvor du har kjøpt den Haynes manualen.
Skulle gjerne hatt sånn sjøl, da di er geniale når man skal lære om bilen :)

#10 HardKåre

HardKåre

    Skogens kongle

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPip
  • 7424 Innlegg:

Posted 16 December 2015 - 08:52

OleH, bestill deg en slik: https://haynes.co.uk...ajero-1983-1997
Tror ikke det finnes Haynes til Galloper, men Galloper'n er jo egentlig en Pajero bygget på lisens, så det meste er kompatibelt.
If it ain't broken, you haven't been looking good enough!
HardKåres Pajeroer
HardKåres Amerikanere