Posted 01 December 2005 - 00:00
Ja, og det skulle søren meg berre mangle. Eg er for tida utplassert (går transportfag), og i helga var eg med på ein ekspresstur til kristiansund, og i natt til stavanger, Kristiansund med varebil, stavanger med semi, og begge hadde nokre saftige 1000-metre i frontene. Det er HEILT avgjerande i slikt arbeid. Lysa på varebilen var stilt inn slik at dei lyste rett ned i vegen litt foran bilen, så vart det omtrent som vanlege fjernlys. Det vart eit heilt anna liv når vi retta litt på dei. Som sjåføren sa, "ein revolusjon". Semien hadde eigne brytarar for lysa, slik reglane krev, og der og var det ein enorm forskjell med og utan lysa på.
Det vart sagt her tidlegare at problemet er når vi må dimme ned. For det første, vi køyrde europaveg heile vegen til kristiansund, og det var utruleg lite bilar. For det andre, dei få gongane vi måtte dimme, var det heller ikkje noko problem, slik som det blir sagt. uansett kor masse lys ein har i fronten, blir det jo ikkje noko dagslys av det, auga er då likevel tilpassa mørkret... Verre er det etter at ein har møtt ein bil, sjølv om denne køyrer med nærlys. Då og er det greit å ha skikkeleg lys å slå på etterpå.
Som eg har sagt før, snøkonge, yrkesjåførane lever på vegen, og det er mørkt nesten heile døgnet på denne tida av året. Dei treng lys. Ingen kan kome og seie at det ikkje er bruk for det, at vanlege fjernlys er meir enn nok. For det ER det ikkje. Det går, ja, men det er laaangt frå optimalt...