Kopi av melding:
Kopi av melding:HER er det faktisk noe annet som vil spille inn... Pga den økte vekta vil den tyngste kassen ha større friksjon mot underlaget, og trenge et større smell for å "løsne", og akselerere saktere enn den lette.
Blir forresten nokonlunde det same (men med andre fysiske reglar) som at ei tom og ei full kasse (t.d. 50kg v.s. 800 kg, elles like kassar) seglar akkurat samtidig og akkurat likt (side om side) på eit lasteplan ved t.d. bråbrems . Opprinnelig postet av OlavEmil
Opprinnelig postet av HardKåre
Vanleg fordom, og naturleg nok, eg ville jo og trudd det. Men det er feil .
Forklaring: Ja, friksjonen blir større. Ved friksjon på 10% (veldig mykje, men lett å rekne på []) treng 50kg-kassa 5kg kraft for å bli flytta, medan 800kg-kassa treng 80kg. Men kreftene som dreg i den tunge kassa blir nøyaktig tilsvarande større enn ved den lille kassa. Ved t.d. 0,1G sidekraft vil 50kg-kassa bli trekt med 5kg kraft og skli, medan 800kg-kassa akkurat samtidig blir trekt med ein kraft på 80kg, og den vil skli på akkurat same måte.
Forskjellen kjem når vondskapen skal stoppe, ei kasse på 50kg som seiler vil med litt flaks stoppe når han dunkar i sidelemmen. Ei kasse på 800kg går med litt fart rett gjennom både frontgrinda på planet og bakveggen i hytta. Difor er det slett ikkje slik at "næsj, den der er så tung at han står likevel, treng ikkje sikre den dette lille stykket". Tvertom, jo tyngre kolli, jo viktigare er sikringa. For det byrjar å seile akkurat like fort som eit lett.
Utruleg kva ein lærer på transportfag . Og det er jo rein fysikk og matte .