Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Dieselretur, 6.2
#1
Eg har ein fin diesel-lekkasje på returslangene mellom dysene på ein 1992 G30 6.2D.
Her er det ektremt trangt, så spørsmålet er kva som skal til for å klare å bytte desse.

Er det nokon som har gjort dette på ein fornuftig måte utan å demontere for mykje fram i der?

Dei to bakerste på kvar side kjem eg greitt til når motorkassa er tatt vekk, men den fremste, særleg på førarsida ligg ekstremt trangt til. Ny slange er innkjøpt og blir kappa til i passeleg lengde, så det manglar berre å få utført arbeidet.

Eventuelt nokon i Kongsberg-området (og omegn) som har erfaring med dette og lyst til å hjelpe til? [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Svar
#2
Er det ingen som har erfaring med dette?
Skulle jo tru det var nokon her inne som hadde fikla litt med desse dieselane i chevy-van? [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.gif[/img]
Svar
#3
eg har bytta retur slanger på en g30. det værste er og få bort dei gamle slangane. oppmorkna og ekkle og få bort.
kan lønne seg og vere litt smidig, må av med motor kassa, da går det og montere alle slangane innenfra, er litt knotete, men det går..
mulig du må en tur under å opp og på dei fremste dysene.. skulle gjerne ha hjelp til, men blir litt langt og dra til kongsberg. [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Mobil: 93262854
87 Volvo 740 Turbo
95 Chevy Silverado 2500 6,5td
98 Chevy Astro AWD 4,3 vortec
Svar
#4
Har bytta slager på sub. Lettere å komme til tror jeg. Lett å få bort de gamle hvis du har ei tang med bend på. Verre å få de nye på plass da klemmene må på. Jeg hadde problemer med ei dyse som sannsynligvis slapp gjennom for mye trykk slik at jeg hadde litt trøbbel med å få det tett. Klemmene tror jeg kosta 60 kr stykket på bergheim. så ta vare på de gamle som er iorden.
Svar
#5
Takk for svar. Det er nok vesentlig trangare på G30 enn på Sub ja, men eg skal gjere eit forsøk. Dersom Sander har fått det til, så bør det vere mulig for andre også [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Var det ingen ting du måtte demontere i framkant av motorrommet altså?
Motorkassa er av allerede, og dei bakerste har eg klart å nå fint. Det er akkurat dei fremste som er problemet. Har hatt det litt travelt i det siste, så eg har ikkje fått prøvd noko meir. Skal gjere eit forsøk når eg endeleg begynner på ferie [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]

Slangeklemmer kjøpte eg nokre av saman med slangen på Bilextra. Trur det var litt mindre enn 10 kr per stykk, men etter det eg har forstått er det ikkje nødvendig å bruke desse pga lavt trykk. Dei fleste av eksisterande koblingar er utan slanger, og det er ikkje dette som gjer at det er lekkasje. Det er tydeligvis slangane som er morkna, så dei klemmene trur eg er like greitt å spare til andre ting [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.gif[/img]

Men du Sander...
Den fremste slangen på venstre side (sjåførsida) ligg i framkant av eit stålrør som går vertikalt ned på sida av motoren. Har du dette røret på din G30? Det er dette røret som gjer det så inni granskauen vanskeleg å komme til. Eg klarar så vidt å nå tak i slangen, og trur eg skal klare å dra den av, men å klare å skubbe inn ein ny trur eg blir ei heilt anna utfordring. Dersom dette er identisk på din, så bør det gå, men det kan jo vere forskjellar på ulike modellar her, eller?

Eg skal gjere eit hederlig forsøk uansett, men dersom du klarar å hugse korleis du gjorde dette hadde det vore supert [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Skal også prøve nedanfrå på desse og sjå om eg klarar å nå langt nok opp. Skal vel vere mulig å komme til der med berre ein Bilrampe frå Biltema? Skulle vel ikkje vere nødvendig med skikkeleg bukk?
[Bilde: 15-803_m.jpg]
Svar
#6
nå var ikkje dette min eg bytta på. og er litt usikker på hvor mye han demonterte før eg kom og hjalp til..
er sånn du egentlig bare må kjenne deg framm. trangt og j... er det..
mulig det var noe på venstre sia ja, når eg tenker meg litt om. men tror eg bare lirka hånda mi forbi den på ut sida.

sånne bukker du henviser til må du for guds skyld ikkje finne på og kjøpe, eller bruke.. blir til (panne kake)
g30 er så høg du greier og åle deg under den.. om ikkje du har senket din da?

skall kansje til østlandet om 2 3 uker, kan komme og hjelpe deg da om ikkje du får det til. så kan du bytte plugger og rotor/lokk på astron min... [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Mobil: 93262854
87 Volvo 740 Turbo
95 Chevy Silverado 2500 6,5td
98 Chevy Astro AWD 4,3 vortec
Svar
#7
Så fine nye sider vi har fått no då <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/biggrin.png' class='bbc_emoticon' alt='Big Grin' />



Ein felles innsats på to bilar hadde i grunnen ikkje vore så dumt, men eg må sjekke litt tilgjengelighet. Skal vekk på ferie ei veke om ikkje så lenge, men i slutten av juli skulle det vere mulighet.



Berre ver klar over at eg ikkje har "steikje bra" erfaring med slikt arbeid, så eg skal ikkje garantere at du får proffesjonell hjelp på sekundet <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.png' class='bbc_emoticon' alt='Tongue' />

Felles mekking med bilprat og læring er uansett veldig kjekt, så om du ikkje forventar meir enn dette er det berre å stikke innom <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.png' class='bbc_emoticon' alt='Smile' />



Bilen min er for tida avskilta, og med diesel-lekkasje er det uansett ikkje aktuelt å transportere den så langt, så alt arbeid må utførast her hos meg.



Skal uansett prøve å klare det før den tid, så eg skal prøve å gi tilbakemelding på kva eg får til.



Dei bukkane på Biltema er jo laga for å tåle nettopp denne vekta, så eg ser ikkje heilt kvifor det skulle vere så gale. Dei er sertifisert for 1000kg per stk, og egenvekt på framaksling er ca 1500-1600kg om eg ikkje tar feil. Fordelt på 2 bukkar skulle det bli oppmot 800kg per bukk. Sertifiseringa skal uansett ha ein ganske bra sikkerhetsmargin, så dei bør fint kunne klare godt over 2 tonn ved bruk av 2 stk. Det er uansett god nok plass under til at ein ikkje blir flat dersom bilen detter ned <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.png' class='bbc_emoticon' alt='Tongue' />
Svar
#8
Jippii <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/biggrin.png' class='bbc_emoticon' alt='Big Grin' />



Klarte endeleg å få skifta dei returslangane som låg verst til. Eg brukte 4-5 timar med tålmodighet berre på å få den eine slangen inn på tappen, men til slutt klarte eg det endeleg.

Eg måtte ned på undersida for å få det til, men det var ikkje så enkelt likevel. Prøvde både nedanfrå, framanfrå, og innanfrå, men det såg like håplaust ut alle plassar.

Løysinga vart tilslutt å prøve ut forskjellige vinklar å legge overkroppen på på undersida av bilen slik at eg fekk riktig vinkel på håndleddet.



Det er jo klin umulig å komme til med både tommel og peikefinger/langfinger samtidig, så eg måtte lage ein slags brett på slangen og halde den mellom peikefinger og langfinger samtidig som eg lirka den frå side til side. Når eg endeleg fekk riktig vinkel på overkroppen slik at eg fekk begge armane opp i motorrommet kunne eg legge eit lett press med den andre handa på bretten på slangen slik at den glei sakte på plass.



Det gjorde jo ikkje saken lettare at slangen vart fuktig av diesel frå dysa mens eg jobba, så litt regelmessig tørking måtte til.



Absolutt ikkje nokon drømmejobb, men eg er godt fornøgd med at eg klarte det <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.png' class='bbc_emoticon' alt='Smile' />

Blir vel krampe i skuldrar og nakke utover natta og morgondagen, men det får eg heller tåle <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.png' class='bbc_emoticon' alt='Tongue' />



Dei slangane eg har bytta til no er (utfrå bildet nedanfor):

- Hovedretur til 2 (i framkant av venstre blokk)

- 2 til 4 (det var denne som var vanskeligast å komme til, særleg på dyse nr 4)

- 4 til 6 (bakre returkobling på dyse 4 var lettare å komme til enn framre returkobling på samme dyse. Denne nådde eg innanfrå)



Dei andre ser fine ut, men eg skal skifte dei også. Dei bakerste er veldig enkle å komme til, så dei stressar eg ikkje med. Har ikkje prøvd på høgre side enno (oddetall), men det ser bedre ut enn på venstre side. Håpar i alle fall det <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.png' class='bbc_emoticon' alt='Tongue' />



Her er sylindernummer henta frå nettet ein plass (http://oregonfuelinjection.com)

[Bilde: gm_duramax_firing_order.gif]

Riktignok ein Duramax (trur eg), men sylindernummereringa trur eg er lik.



Eg har ikkje brukt slangeklemmer på nokon av slangene. Dei gamle hadde ikkje dette, så eg trur ikkje det er nødvendig. Slangane sitter ganske bra uten.

Eg la på ei slangeklemme på den fremste ledninga som går til hovedreturen, men det var heilt umulig å få stramma denne. Kjem ikkje til med noko verktøy, så den får berre henge laust rundt slangen <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.png' class='bbc_emoticon' alt='Tongue' />
Svar
#9
fingran mine er også ganske lørvete etter å ha knotet på dieselreturslangene på silveradoen min...

ganke trangt mellom turbo og dyser ja,når man skal ha på slangene, MED klemmene på.

føler med deg <img src='http://www.offroad.no/forum/public/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/happy.png' class='bbc_emoticon' alt='^_^' />
Svar
#10
Men du Sander? Sjølv om eg no har klart å få det til sjølv, så må du ikkje vere redd for å stikke innom. Dersom eg er heime har eg alltids tid til litt bilprat og skruing, men det ser du.

Send ein PM dersom det er interessant, så får vi heller sjå om eg er heime då.
Svar


Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)