det med bremseeffekt har no to sider. Det eine er som nevnt at momentet blir auka ved større hjuldiameter, men samtidig blir periferihastigheita på hjulet mindre, så tap av bremseeffekt er kanskje ikkje direkte proporsjonal med auken i hjuldiameter.
Dette med regresskrav er nok heller meir aktuelt der en har vist grov uaktsomheit ved endring av bilen reint teknisk. å sette på hjul som er 10-20% større er vel neppe så alvorlig, men eg har ingen erfaringar sjøl med slike krav, og har heller ikkje hørt om noken som har vore ute for slike krav ved ulykker der bilen har vore ombygd. Min forrige SJ hadde 235 dekk og lengre sjaklar og enda sine dagar i ei ulykke med personskade for ein som eigde bilen seinare enn meg. Så vidt eg veit vart det ikkje noke krav i den saka.
når det gjeld bremser kan en ha i tankane at det blir godkjent Jeep YJ og TJ med 33" dekk og dei bilane har ikkje særleg gode bremser med sopass store hjul og det blir anbefalt å forsterke bremser på dei, men det er ingen krav om dette på dei som blir bygd om så vidt eg veit.
Uansett kva, er det nok bileigar som er ansvarlig for eigne handlingar. Finn forsikringselskapet ein måte å unngå å betale ut erstatning på, så bruker dei den.
- tanke og draum er himmelske køyrety..
http://www.terrengbil.com
Medlem nr.63 Suzuki 4x4 Klubb Norge