06.12.2005, 00:00
Eg er einig i veldig mykje av det du seier, men det finst ein mellomting mellom den mengda enkelte meiner vi burde ta buss og slik det er no. At det ikkje er mogleg med eit breiare tilbod enn det som er no, det har eg vanskeleg for å tru, same kven som seier det.
Når du seier at vi ikkje skal så langt utpå bygda før det ikkje er noko offentleg alternativ, er jo det akkurat det som kan (og burde) endrast. Eg bur på ein slik stad, rett nok berre 3 mil utanfor Bergen, men likevel, dette er 3 mil på vestlandsvegar på sitt aller beste. Her kunne tilbodet vore mykje betre enn det er no, men då må, som eg seier, staten ta ansvar, for det er då ingen som vil betale 200kr for ein tur til byen når ein kan køyre sjølv for ein femtilapp.
Eg meiner ikkje at familiar skal klare seg utan bil, men det er ein god del innanfor andre målgrupper som absolutt kunne teke buss meir enn dei gjer no om tilbodet hadde vore der. Særleg blandt unge og eldre.
Forresten tøft at du er utdanna i transport og logistikk
. Var det i Molde du gjekk då? Det er ei linje eg har tenkt å gå når eg er ferdig med læretida som yrkessjåfør (ja, driv og tek studiekompetanse "på si"
, beklager ot).