Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Fra 2.6 bensin til 2.5 td i -87 mod
#8
Har samme prosjekt på gang. Har vore i kontakt med ein som har bygd om fleire B2600 til 2,3 TD og han seier dei passar på clutchhus og motorfeste, så er det berre resten igjen...

Tviler sterkt på at ledningsnettet til Pajero passer i B2600 så eg satser på å lage til manuell gløding, og trikse resten til.

Det store problemet vert nok godkjenning. Mazda hadde ikkje diesel i sine pickup'ar før i 1996, og då sugediesel som blei kalla B2500 så vidt eg kan finne ut.
Var på BT i dag for å forhøyre meg, det var konstruktivt men ikkje total plankekøyring: Dei vil ha dokumentasjon frå importør på kva bilen kan klare av vekt, effekt dreiemoment o.s.v. a la det som Volvo oppgir at bilane kan klare utover standard. Mazda Norge vil derimot ikkje gje noko bekreftelse på noko ut over typegodkjenning og det som står i vognkortet, men seier det er BT som står for godkjenning av køyretøy ut frå spesifikasjonar i vognkort.

Min B2600 med forgassar har 72kw/179Nm og 2,5TD har 62kw/201Nm, så det er dreiemomentet som kan bli problemet då det er ca 10% større.
Fyren på mazda sa att BT bruker opplysninger i vognkortet om effekt, og ikkje bryr seg så mykje om dreiemoment, men det virka ikkje sånn på BT-karane eg snakka med.
B2600 kom i 1990 med innsprøytningsmotor på 90kw/202Nm, og ut frå delenr på Mekonomen er det samme bremser, så eg spurte mazdafyren om ikkje dette var samme bilen med kraftigare motor, og at han derfor kunne bekrefte at min tålte det samme, men så enkelt var det ikkje, forskjellig typegodkjenning var og blei forskjellig typegodkjenning.

Er det nokon som veit om det er samme bilen er den samme utenom motoren? I tilfell så kan det kanskje vere ein mulighet å få lokalt mazdaverksted til å bekrefte at det er samme deler, men anna dreiemoment.

Ut i frå garasje og tråder her på forumet, virkar det som at Mazdafun har gjort samme ombygging tidlegare. Eg har sendt pm med spørsmål, men ikkje fått svar endå.

Trur eg stikk innom BT ein gong til i nær framtid, dei var konstruktive og hjelpsomme, så eg trur det er håp.

I mellomtida får eg planleggje og klarleggje så godt eg kan....
Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av B2600 - 11.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av Offroad-karmøy - 11.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 12.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av B2600 - 13.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 14.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av redbeard - 16.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 16.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av TurbinTurbin - 16.01.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av volumone - 04.02.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av TurbinTurbin - 04.02.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av TurbinTurbin - 05.02.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av vf1000f - 27.08.2006, 23:00
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 27.08.2006, 23:00

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)