20.01.2006, 00:00
Dagen idag og gårsdagen er forresten glansdøme på misbruk av salt her i Os/Bergen. Heimturen med skulebussen igår var direkte livsfarleg, det snødde fint, og snøen la seg greit, men salte, det skulle dei, åjada. Og det vart sleipt av ein annan natur. Ved eitt busstopp sklei vi 20-30 meter med låste hjul i ikkje meir enn 2-3 km/t, utan å stoppe!!! På nesten heilt flat veg! Og ingen skal kome og seie at det ville vore like ille utan salt, ikkje tale om!
Idag var eg sjølv ute og øvekøyrde, m.a. over Fanafjell, for dei som er kjend i området. Heilt på toppen var det faktisk brukbart vinterføre, men det var ingen tvil om at føret for det meste var salta heilt i stykker. Masse spor som førte alle vegar, og ein bil i grøfta. Skjønner ikkje tanken bak salting i det heile på slikt føre, 1 plussgrad, snøver og sterk vind. Ikkje søren om det kjem til å fryse no! Og om snøen hadde fått leggje seg, hadde vi fått hard fin snø etterkvart som bilane køyrer over det, og temperaturen synker. I staden får vi slaps og sørpe, og eit tynt lag med verste sleipe hardpakka slapsen som ikkje går vekk verken med salt eller brøyting.
![[Bilde: sleep.gif]](http://www.offroad.no/forum/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/sleep.gif)