14.07.2005, 23:00
Hei. Som ny eigar av ein 300 GD 1983 er det nyttig å fylgja med på desse sidene. Det ser ut til at min bil har dei klassiske feil og manglar som går att hjå fleire; rusten dieseltank og vibrasjonar ved 30 og 70 km/t, -godt å ikkje vera åleine med slike feil. Men her er ein ny: av og til forsvinn vakuumet som på ein eller annan måte er med å stenge for dieseltiførselen når tenningen blir slått av. Motoren vil altså ikkje stoppa. Som dreven Landrover-eigar er eg meir vand med det motsette, altså at motoren ikkje vil starta! Finst det svar der ute?

