02.08.2005, 23:00
Korleis fungerer eigentleg vakuumsystemet? Frå luftpumpa går det ein grov slange bak til bremsekraftforsterkaren. På denne slangen er det forgreining med ein tynn slange bak til ventil kopla på tenningslåsen, med tynn slange framatt til stoppanordning på dieselpumpa. Problemet er at vakuumet forsvinn av og til under køyring; bremsene blir tunge å betjena og ved avslått tenning går motoren til bremsepedalen er ute. Ventilen på tenningslåsen; opnar eller stengjer den for luft når tenningen er av/på? Prøver å finna feilen utan å demontera heile bilen. Har nokon der ute sett liknande?

