Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Jeep Club Norway
#7
Hei Rudi.

Jo, feilen er funne, det var brytaren nede på rattstammen som var brendt, og låste hele rattmekanismen. Hope Auto har skaffa ny brytar og blir skifta så snart eg er på beina etter ein langtekkeleg influensa.

Men sidan eg er heime frå jobb og har tid til litt "kverulering" så kan eg lufte nokre tankar om klubbarbeid. Eg har sjølv vore leiar i Bergen rasekattklubb i ei rekke år og veit litt om klubbarbeid og kva ansvar frivillige tek på seg når dei går inn i slike verv. Typisk er at medlemmene ventar seg god service og informasjon og at majoriteten ikkje har høve til å engasjere seg utover det. Derfor blir ofte styreverv oppfatta av dei som blir med som lite takknemlig o.s.v

Men, etter mitt syn, er det viktig at ein klubb som er livskraftig er at det formelle er i orden. Krev man inn kontigent bør det være på plass vedtekter, årsmelding, rekneskap o.s.v slik at medlemmene kan være trygg på at man deltek/bidrar i noko viktig.

Slik JCN legg opp til som internettklubb trur eg er ein god ide. Dei fleste har høve til å bli oppdatert via nettet, og det er mykje god info på sidene. Det er slik eg oppfattar det mange ressurspersoner i miljøet rundt klubben. Eg har inntrykk av at det er mange som har stor kompetanse og interesse kring begrepet Jeep. Eg vurderer det slik at det kunne vore nyttig med eit forum også på sidene til JCN der vi kunne utveksle erfaringar. Kanskje hadde klubben som klubb nytt godt av det??

No fungerer sidene til offroad.no glimrande til slik erfaringsutveksling. Men slik eg oppfattar det er vel desse sidene mest for dei som har særskild interesse for offroadkøyring. Slike som meg som er meir oppteken av Jeep som "ikon" kjem litt til kort her. Men ros til dei som driv desse sidene, dei er glimrande!!

Wrangler 4.0 -96
OME 2" lift, 1" BL, ARB locker, 33x12,5x15


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av morild - 03.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av morild - 03.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Chris - 03.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av simon - 03.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av 93ZJ - 04.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Kjartan - 04.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av morild - 04.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Rudi - 04.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av 93ZJ - 04.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av morild - 05.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av jeeplt-1 - 05.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av jeeplt-1 - 05.04.2005, 23:00

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)