Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Lyder
#11
Eg har akkurat samme lyden av min, og eg veit kva som gjer det!

Har akkurat bytta clutch på bilen, og når eg skulle sette sammen igjen, prøvde eg å starte bilen når berre girkassen var på plass. Dette gjorde eg for å sjekke at alt var i orden, samt for å justere clutchen. Det var då eg oppdaga grunnen til lyden:

Det har ingenting med utløysarlageret å gjere (på min i alle fall då det var heilt nytt...). Grunnen til lyden er at når girkassen står i fri, og du slepper ut clutchen, så går akslingen ut av girkassen rundt! Etter farten å dømme, har det truleg noko med 4de gir å gjere. 3dje gir og clutchen ute førte til saktare fart, og 5te gir med clutchen ute førte til større fart på akslingen.

Girkassen går då rundt på min bil sjøl når den står i fri, men eg prøvde å holde igjen med eine neven, og det var nesten ingen motstand i den. Kva som eksakt gjer det, veit eg ikkje, men det er i alle fall det som lagar lyden. Når bilen står på bakken, og alt er sammenskrudd, er det jo ikkje noko som kan gå rundt, men eg vil tippe at girkassen prøver i alle fall.

Kva kan gjere dette? Klarar ikkje girkassen å koble heilt ut 4de giret? Eller kan det ganske enkelt ha noko med smøringa av girkassen å gjere?

Når eg hadde girkassen ute av bilen, nytta eg sjansen å skifte olje på den, samt ta ein titt under dekselet. Eg trur eg har funne løysinga på kvifor det er anbefalt å overfylle girkassen for å unngå å miste 5te giret: 1-4 gir står inne i "hovedhuset" i girkassen medan 5 giret og revers står i eit eige hus bakerst på girkassen, med små hol mellom som oljen skal sirkulere gjennom. Min teori på overfyllinga er at 5 gir får mindre sirkulasjon av olje enn dei fire andre på grunn av denne plasseringa. At reversen får mindre olje, har jo ikkje så mykje å sei, for kven ryggar vel like mykje som ein brukar dei andre gira? Det kan sjå ut som om girkassen opprinneleg er ein 4 trinns girkasse der dei har sett på eit gir til, i eit modifisert revers-hus.

Er det nokon andre som har synspunkt på dette?


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av JRHauge - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av JRHauge - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Frode - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av mikael - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av JRHauge - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Frode - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av JRHauge - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av MOPAR POWER - 16.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Frode - 17.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Stefan E. - 17.04.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av oleness - 13.07.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Lada2103 - 14.07.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av zellus - 15.07.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av asunde - 15.07.2005, 23:00
[Ikke noe emne] - av Lada2103 - 16.07.2005, 23:00

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)