10.08.2005, 23:00
Hei!
Eg har den same tuneren på ein excursion med originalt 250hk. Det eg har lagt merke til, er at giringa blir litt meir valdeleg di høgare du stiller bilen, men det er ikkje slik at det blir ubehageleg - legg berre meir merke til det. For tida har eg bilen ståande på race med 330hk og 920Nm utan å ha modifisert noko anna. Til hausten og vinteren kjem eg til å køyre mykje med hengar på om lag 1500kg, og da står det ein helst skal montere EGT gauge ved trekking. Men dette er ein bil som er beregna på å trekke 4500kg, og fram til no har ikkje temperaturmåla gått opp til midt i normalen. Koplar ein på evolution, kan ein lesa av temperaturar meir nøyaktig under køyring òg, så eg veit ikkje om eg er så redd for det. Skal iallfall prøve litt... Elles syns eg han ligg i overdrive stort sett så lenge eg har passert 65-70km/h, og det vart ein fanken så grei bil å køyre forbi med!
Når det gjeld drivstofforbruket ditt, er eg litt overraska. Anten bilen er stild på original eller chippa, utgjer type køyring fint lite med omsyn til forbruk, og med auka Nm, skulle vel skilnaden heller bli mindre enn større, eller tek eg feil? Eg skulle kan hende starta eit eige emne på dette, men eg har eit spørsmål til forsamlinga i denne samanhengen:
Bilen min er 2001-modell, gått 47000km. Da eg henta han, gjekk han på 1,56l/10km, men gjekk straks ned til 1,52. I løpet av vinteren med mykje hengar, 4x4, lægre lufttrykk, piggdekk gjekk forbruket opp til 1,62, men det gjekk ikkje ned att i sommar! Eg skifta luftfilter, og det var på høg tid, men likevel inga endring. Ved chipping er han no på 1,59l/10km. Bilen går fint og røyk- og dryppfritt og oljen er nesten fargelaus. Har nokon ein idé? Det er ei stund sidan dieselfiltret er tømt, eg skal skifte girolje no for første gongen, køyrer på lastebildiesel... veit ikkje kva meir eg kan nemne. HJELP!!!
Torkjel