22.08.2005, 23:00
Har sjekka: Forslaget om å bruke Edge Evolution frå Minges til å overvake temperaturen er likevel ikkje så dumt som eg trudde. For 4500kr kan du velja original eller tre chiptrinn, måle tida brukt frå 0-60miles (ein funksjon eg ALDRI skal prøve meg på og ikkje vil rå nokon til), eller overvake føljande under køyring: "actual RPM", "engine oil temperature", "TRANSMISSION FLUID TEMPERATURE" og "transmission main line pressure". Temp. er oppgivne i Fahrenheit. Grei pris, men eg trur heller ikkje du har særleg bruk for det utan at du chippar han ørlitegrann... Men eg køyrer bilen min på 331hk/920Nm (race) for tida, og temperaturane er ikkje ein gong midt i normalskiktet. Til vinters kjem eg til å teste det med hengar (berre 1500kg). Tvilar på at det har stort å seie for temperaturen. Største skilnaden frå original til "tow" og "race" er at motoren blir fortare varm nok! Eg har ikkje montert anna ekstrautstyr i denne samanhengen, men så har eg heller ikkje prøvd "extreme".
Torkjel
Torkjel

