11.06.2005, 23:00
Har lese dei andre innlegga ang bremsar og Niva i forumet, men har ikkje funne løysinga på mitt problem:
Ved litt hard pedalbruk, låser bakhjula seg. Uansett fart. Litt skummelt.
Så vidt eg har funne ut virkar bremsane framme, men ikkje på langt nær like godt. Bilen oppfører seg stabilt ved oppbremsing, så eg trur ikkje bremsane er skeive. Men når bakhjula låser seg, har det ein tendens til å gå sidelengs.
Kan det vere bremsemaster som er def, el. luft i brems?
Når eg sit no her og skriv, hadde det vore kjekt med eit tips på korleis eg lettast fyller olje på girkassen. Og sidan eg fyller inn nivå-holet (trur eg), korleis skal eg klare å overfylle girkassen med 1/2 liter olje. Vil ikkje dette renne ut att?
Har skifta tennpluggar og luftfilter i tillegg til olje og oljefilter. Og motoren er tydeleg vis følsom for slikt. Går mykje bedre no. V-Power til shell hjelpte óg.