Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Nytt marked for snorkel
#2
HAHA, måtte jo vere Mercedes, ja [Bilde: biggrin.gif]:D.

Knallmoro med slikt ver, fekk fri frå skulen etter to timar idag, var så mange som ikkje kom. Så eg og ein kamerat med ein gamal Toyota Carina II køyrde rundt i Bergensområdet (sørsida) og såg oss om. Klarte å kome oss over eit stykke på 30 meter med vatn på høgde med panseret (Haukedalen). Bilen stoppa ein gong, men klarte utruleg nok å få start att. Heldigvis, hadde lite lyst til å opne dørane [Bilde: wink.gif]. Kunne nok trengt ein snorkel då, ja. Snakka faktisk om det etterpå, då vi venta på at bussen som sto der skulle køyre tilbake og brøyte vekk vatnet. Første (og siste) gong eg har vore med og lege ein meter bak ein buss som køyrer [Bilde: tongue.gif].

Men trass MANGE pyttar, dammar og elvar, går bilen enno [Bilde: laugh.gif].


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av ussen - 14.11.2005, 00:00
[Ikke noe emne] - av OlavEmil - 14.11.2005, 00:00
[Ikke noe emne] - av Kokken - 14.11.2005, 00:00
[Ikke noe emne] - av Geared - 14.11.2005, 00:00
[Ikke noe emne] - av supersurfer - 14.11.2005, 00:00
[Ikke noe emne] - av King Nissan - 14.11.2005, 00:00

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)