21.09.2005, 23:00
Her er det mykje kloke ord, og nesten like mykje ikkje så kloke ord
.
Får starte med å seie at eg ikkje stemte i år. Årsak: Er ikkje gamal nok
... Så eg syns nok eg har rett til å snakke sjølv om eg ikkje stemte.
Startar med Noreg i høve til EU: Ein her sa at problemet med EU var at viss vi ikkje er inne, må vi berre godta det dei seier. Absolutt feil! Vi treng ikkje gjere NOKO EU seier. Vi kan rett og slett gå ut av EØS. Drastisk, seier mange, men er det det? Dei enkelte landa innan EU vil sannsynlegvis handle med oss individuelt uansett. Men sidan EU sikkert vil tolleggje oss langt over øyra, er det kanskje ikkje så lurt.
Likevel, det at vi til no har blitt tvunge til å godta alt, utan at vi har noko å seie sjølv, er hogresidepropaganda, eit knep for å få oss nordmenn til å sjå at "hm, det er kanskje best at vi melder oss inn likevel, så får vi iallefall noko å seie". Det er inga hemmeligheit at fleirtalet i dagens regjering vil ha oss inn i EU. Men for det første, eit land med 4 millionar vil ikkje ha mykje å seie på innsida, sjølv med all verdens utjamningsmantat. For det andre, og mykje viktigare, VI TRENG IKKJE INNFØRE ALLE EU-REGLAR. Ikkje som EØS-medlem, ikkje eingong EU-medlemmane sjølve må det. Håpar difor det blir litt endringar på det no med ny regjering. Eit godt døme (særleg for meg som skal bli yrkessjåfør) er Sveriges avgjerd om ikkje å følgje EU i lysreglement, i motsetjing til Noreg. Medan vi må klare oss over haukeli midt på vintersnatta med MAX! to ekstralys, kan svenskane ha akkurat så mange lys dei vil/treng. Eit anna døme er kufangarar, som har vore diskutert her på offroad.no, vi trengte slett ikkje innføre det viss vi ikkje ville, men høgresida har som politikk å innføre ALT!
Oljepengar: Nei, vi bør ikkje bruke alle oljepengane våre med ein gong. Men det vil då heller ikkje venstresida, slik høgresida seier. Dei som er nærast å ville det, er framskrittspartiet. Likevel, det er ikkje mykje vits i denne "sparinga" som skal sikre Noregs framtid. Ærleg talt, kor mange år vil tusen milliardar vare viss Noreg ikkje har nokon ny inntekt når olja tar slutt?? Oljepengane må brukast til investering, og då meiner eg ikkje aksjefond, som vi så langt har sulla bort halve formuen på. Vi må investere i nye inntektskjelder som Noreg kan leve på etter olja.
FRP: Må vel seie at Rukus har sagt det som trengs å seiast om dei. FRP er populistar, verken meir eller mindre. Dei er SVÆRT korttenkte, det som slår an for tida, det er partiprogrammet. Dei tenkar overhode ikkje på framtida, t.d. med tanke på forureining og forvalting av pengar/nye inntekter til Noreg.
Billigare bensin: Joda, hadde jo vore greitt det, men alvorleg talt, verden er på veg til ein viss plass på grunn av forureining, og vi vil ha bensin omtrent kasta etter oss? Noreg har noko av Europas aller billigaste bensin i høve til inntekt. Ja, eg veit at ikkje alle tener like godt som direktørane som dreg dette snittet opp, men dei finst då og i alle land. MEN, dei pengane FRP vil sløse på dette, burde for alvor satsast på forsking på alternativt drivstoff (hydrogen), slik at vi kunne få akkurat like gode bilar med eit drivstoff som verken kjem til å ta slutt eller forureine. Ein del pengar burde og brukast på å finne billige måtar å lage slike bilar og hydrogen, slik at dette ville blitt billigare enn bensin/diesel.
Og ein ting som visst ikkje har vore diskutert her, men som iallefall er viktig for meg: USA. Jo lenger til høgre ein går, jo meir USA-diltete blir det. Og USAs politikk er ikkje noko å vere med på. Det er fleire årsakar til det, og eg kunne diskutert LENGE om USAs politikk, men hovudtrekka er at USA aldri gjer noko viss ikkje det er til eiga vinning, sjølv om dei gjev uttrykk for det. Javisst, Irak var eit diktatur, og ein del folk leid, men kva med Zimbabwe? Kva med alle andre slike grusomme diktatur, som faktisk er VELDIG mykje verre enn Irak var? Hovudgrunnen til at USA måtte bli kvitt Hussein, var at han var negativ til USA, samtidig som han kontrollerte store oljeressursar som USA importerte. Sidan USA var/er såpass avhengige av denne olja, er dei og avhengige av at den/dei som styrer landet, vil leggje godt til rette for samarbeid med dei.
Eit anna punkt er at det rett og slett er blitt farleg å vere for nær knytta til USA. Tenkar på terrorisme. Nei, vi bør absolutt ikkje gjere som terroristane vil utan vidare, men det er heller overhode ikkje grunn til å gjere akkurat som dei ikkje vil, berre for å vise at vi ikkje vil pressast.
Skal slutte her eg, beklager langt innlegg, blir litt engasjert. Håper iallefall nokon gidd å lese det
.
Gløymde forresten å seie, men de har kanskje skjønt det: Eg er glad for at vi no får regjeringsskifte
. Men eg trur heller ikkje den nye regjeringa er perfekt.