28.09.2005, 23:00
Hm... Ser at det byrjar å bli brukt personåtak her. Er det slik at eg ikkje har rett til å meine noko fordi eg berre er 17, og ikkje 17,5 slik mange med stemmerett er?? Ser jo at det enklaste å gjere for å "vinne" diskusjonen er å gå til personåtak på meg, sidan eg er den som snakkar for venstresida akkurat no. Kanskje eg berre er ein avislesande, nyhetoman teoretikarnerd, men eg trur då verkeleg ikkje på det sjølv. Kva viss ein 40-åring hadde sagt det same? Vil de ikkje diskutere med meg, kan de berre seie det, så skal eg finne andre å diskutere med. Men til eg får den beskjeden, seier eg akkurat det eg meiner.
La oss no late som om eg er ein 22-åring som har flytta heimefrå, fått eit born og ein jobb som ikkje akkurat gjer meg til millionær, og som tenker kortsiktig og mest på berre meg sjølv:
Kven vil ha lågare skatt til dei som ikkje tener så mykje (400 000 er mykje for ein 22 år gamal trailersjåfør)?
Kven vil ivareta velferdssamfunnet slik det er no, slik at og dei som ikkje har ubegrensa med pengar, får det dei treng og litt til?
Kven vil arbeide for barnehageplassar i staden for kontantstøtta (ein tusing i månaden er ikkje så mykje når ein av foreldra må vere heime frå arbeid, og har verkeleg bornet best av å leve innanfor dei same 4 veggane, med den same voksne rundt seg heile tida?)?
Kven vil innføre minsteløn og for latviarar og estarar som kjem for å jobbe, slik at dei ikkje pressar løna til oss nordmenn så forferdeleg (hive ut alle utlendingar er då heller ikkje noko særleg til løysing)?
Kven vil bruke vetoretten for å stoppe all verdas EU-direktiv?
Sjølv om eg no var vaksen og ikkje levde på mamma og pappa sine pengar, og difor ikkje hadde råd til å tenke litt stort og langsiktig, ville ikkje venstresida vore nokon katastrofe for meg.