Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Motor med ulyd...
#2
<!--quoteo(post=1342228:date=18 May 2007, 20:37:name=oleness)-->QUOTE(oleness @ 18 May 2007, 20:37) <{POST_SNAPBACK}><!--quotec-->Hei

Har ein MB trac 800, 78mod som eg har eit "lite" problem med.

Ved vanleg transport etter veg for nokre veker sidan, kom det eit kraftig smell av motoren, og etterpå har den ein klakkelyd som kjem av og til på tomgang, og som er der heile tiden når ein gir gass. Lyden er minst når motoren er kald.

Etter dette er det heller ingen kraft i motoren, og på grunn av ulyden blir den kun flytta på tomgang...

Motoren har gått fint sidan me kjøpte traktoren for ca 10 år sidan, men den har alltid vore litt svak/kortpusta, og brukar ein del olje.

Etter "smellen" ser eg at det kjem ut litt olje rundt eksos-porten på den første sylinderen.

Motoren tenner fint på alle sylindrane. På grunn av oljen ryk den ganske blått. Den brukar ikkje vatn.

Me har hatt av toppdekselet i dag, og det var ikkje noko unormalt der, ingen slark i støtstenger eller noko.

Har nokon tips til kva det er som er defekt? Vil det svare seg å reparere? Sidan den brukar så mykje olje, må vel heile motoren overhalast... [Bilde: sad.gif]

Traktoren har nesten ny clutch, nesten nye dekk, og det er ellers ikkje noko unormalt feil med den.

Eller er det nokon som har tips til kvar me kan få tak i ein "ny" motor? 70 [Bilde: noexpression.gif] -90hk [Bilde: dribble.gif] ?

Så vidt eg har skjønt, skal dei fleste 4syl lastebil/traktormotorar frå MB passe rett inn...?
Tlf/adr til lastebil-hoggarar ville vore fint...<!--QuoteEnd--><!--QuoteEEnd-->
Hei!
Motoren din er type OM 314, skulle ikke by på store problem å få tak i.(Sitter også i mindre lasebiler/kassebiler)
Prøv en annonse f.eks. Finn.no
Axsor
Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av oleness - 18.05.2007, 19:37
[Ikke noe emne] - av teigmoen - 19.05.2007, 08:30
[Ikke noe emne] - av tHaWuLf - 19.05.2007, 10:44
[Ikke noe emne] - av oleness - 19.05.2007, 14:24
[Ikke noe emne] - av oleness - 30.05.2007, 14:19
[Ikke noe emne] - av oleness - 31.05.2007, 12:04
[Ikke noe emne] - av steppdeck - 31.05.2007, 13:43
[Ikke noe emne] - av oleness - 02.06.2007, 20:04
[Ikke noe emne] - av steppdeck - 05.06.2007, 13:17
[Ikke noe emne] - av oleness - 07.06.2007, 21:20
[Ikke noe emne] - av oleness - 29.06.2007, 23:35
[Ikke noe emne] - av oleness - 02.08.2007, 06:39

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)