05.04.2006, 23:00
Gratulerer
:D:D!!! Har vel blitt bra med køyring siste veka, reknar eg med
. Fått deg bil enno?
For folk som skal ta lappen: Med dei nye reglane er det faktisk lurt å køyre masse heime før du tek første køyretime. På første køyretime skal nemleg køyrelærar avgjere på kva trinn du skal starte. Har du då køyrd mykje frå før, kan du sleppe eit par trinn
. Litt avhengig av køyreskule, sjølvsagt, finst jo dei som skal ha det av pengar dei får pressa ut av eleven (IKKJE bruk Bjoarvik Trafikkskole i Os/Bergen!!). Eg har alltid vore interessert i køyring, og kunne omtrent alt av teori og trafikk før eg vart 16. Så venta eg eit år før eg tok min første køyretime. Vi køyrde først litt rundt på nesttun, så rett ned i Bergen sentrum. Fekk beskjed om at viss eg hadde køyrd opp i morgon, ville eg stått med glans. Eg skal no ha ein til dobbeltime i bykøyring, og landeveg/glattkøyring, så er eg klar for oppkøyring
. (nei, eg køyrer ikkje med Bjoarvik
)