Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Håp om pris?
#1
Hei

Sit for tida og vurderer å selge Nivaen, og lurte på kva eg kan håpe å få for den. Grunnen til salget er den dårlege plassen i bilen (blir brukt til og frå barnehage/skule kvar dag, med vogn og det heile), og dårleg samvittigheit fordi bilen aldri får komme seg tilbake der den høyrer heime - i skogen.

Bilen er ein 1995 modell, 1.7i, gått snart 125000. Bilen startar og går uansett temperatur og vér, og har vore tilkobla motorvarmar kvar dag under 0 grader...

Ny clutch sommaren 2005, samt skifte av all olje, luftfilter, pluggar, viftereim o.l.

Ryggen på førarsetet er delvis defekt, men ein som kan sveise, fiksar det på ei lita stund.

Nesten rustfri! det einaste eg har sett på den er jekkepunkta bak, som ikkje er gode nok til å jekke den opp med.

Til bilen høyrer det 3 sett dekk. Svært gode piggdekk (takk ingos), eit sett ganske slitte 185 - 15 og eit sett med 2x 205/(?)-16 og 2x 225/(?)-16

Bilen er ein original personbil, utan "båt-tak." Registrert for 4. Den kjem opprinneleg frå Stord, sør for Bergen. Eigd av ein gammal professor, eller noko slikt.

Kva kan eg håpe å få for denne fantastiske vinterbilen.

Er det forresten nokon som kan anbefale andre bilar, med meir plass, bedre komfort, men (nesten) like god framkommelegheit?

Ser akkurat no på Jeep Cherokee, Nissan Patrol o.l. Er student, så finansane er begrensa...

<b>På grunn av den manglande responsen, tykkjer eg det er på sin plass å understreke at dette ikkje er ei salgsannonse! Eg er berre ute etter (meir eller mindre) fornuftige prisoverslag...</b>[Bilde: smile.gif]

Men dei som er interessert står fritt til å sende meg ein PMWink
Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av oleness - 08.03.2006, 00:00
[Ikke noe emne] - av mikael - 12.03.2006, 00:00

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)