04.09.2008, 17:41
Heisann,
Har nettopp gjennomgjenge ei grundig oppgradering av XJ'n (liste i signaturen min). Har nå behov for å få styinga justera av nokon som verkeleg kan dette. Det inkluderar å justere følgande delar (justerbare alle sammen):
- Nedre og øvre kontrollarmar (dei som held frontakselen på plass og bestemmer vinkelen på diff'n)
- Track bar'n (den som bestemmer posisjonen til akselen i sidelengs retning)
- Caster og camber
Eg har lite kunnskap om dette, og vil med andre ord bruke eit par kroner på å få gjort det ordentleg. Nokon som har forslag til kven eg kan ta kontakt med? Bilen er for øyeblikket heime i Telemark, men skal snart få flytte inn hos meg på Rena..![[Bilde: biggrin.gif]](http://www.offroad.no/forum/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/biggrin.gif)
Vil også benytte mulegheten til å dele litt med mine erfaringar når det gjeld installasjonen av desse delane. Startar med å nevne at eg er ein nybegynnar når det gjeld å skruve bil, så desse erfaringane kan sikkert for ein del virke latterlege.
Bushwacker skjermbredderane var vel i det store og det heile rett fram. Men ver obs på at bushWACKER er eit ganske reelt navn - ein må herpe bilen ganske grundig for å få plass til bredderane, noko eg syns var forholdsvis avskrekkande. Men som dei sei, "where there's a will there's a way"..
SYE-kit'et til Tom Woods var vel det eg var mest bekymra for. Har Aldri i mitt liv gjort noko ana enn å gire ei girkasse..
Men med guiden eg fekk av Tom, samt litt tålmodighet, så var faktisk denne installasjonen skremmande enkel. Vil med ei gong anbefale dei som har 3" og meir løft å installere eit SYE-kit. Er vel verdt både pengane og dei timane du brukar på installasjonen.
Sidan eg for nokre år sidan installera eit Skyjacker 3" complete lift-kit, så var eg relativt trygg på å installere 6" kit'et deira. Fekk selfølgeleg bange anelsar då eg såg den enorme haugen med delar, men har ein fysst starta... Denne monteringa var både tidkrevande og til tider vanskeleg. Det er enormt mykje delar, og bruksanvisninga er litt så som så. Og som alltid, så er det nervepirrande å ta av bladfjørene, då ein aldri veit om dei vil ut eller ikkje - sist måtte eg bruke vinkelkuttar å kutte to boltar, då desse var fastrusta i fjærhuset. Denne gongen, til min store lettelse, gjekk det smertefritt, til tross for at eg nesten bruka ei flaske med 6 - 36..![[Bilde: smile.gif]](http://www.offroad.no/forum/style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif)
Ein siste overaskelse eg fekk frå heise-settet, var at det råflotte custom eksosanlegget mitt i frå Svendsen Eksos tok for mykje plass. Den nye sjakkelen til bladfjøra var så massiv at eg enda opp med å måtta kutte av enderøret mitt, oh woe be me...
Slik ellers, så bruka eg cirka 5 lange dagar på å montere alle desse delane, men skal nevnast at eg tok meg så god tid som det eg trang. Viss nokon skulle ha spørgesmål angående noko av det eg har gjort, så svarar eg titt og ofte på meldingar.
Her er også eit par bilde av bebien min..
Vil oppdatere Cardomain sida mi så snart eg har tid.
![[Bilde: 2405004_43_full.jpg?393307-248]](http://memimage.cardomain.com/member_images/5/web/2405000-2405999/2405004_43_full.jpg?393307-248)
![[Bilde: 2405004_44_full.jpg?541009-248]](http://memimage.cardomain.com/member_images/5/web/2405000-2405999/2405004_44_full.jpg?541009-248)
Beklagar dårleg bildekvalitet, hadde ikkje noko ana enn mobilen min.
Har nettopp gjennomgjenge ei grundig oppgradering av XJ'n (liste i signaturen min). Har nå behov for å få styinga justera av nokon som verkeleg kan dette. Det inkluderar å justere følgande delar (justerbare alle sammen):
- Nedre og øvre kontrollarmar (dei som held frontakselen på plass og bestemmer vinkelen på diff'n)
- Track bar'n (den som bestemmer posisjonen til akselen i sidelengs retning)
- Caster og camber
Eg har lite kunnskap om dette, og vil med andre ord bruke eit par kroner på å få gjort det ordentleg. Nokon som har forslag til kven eg kan ta kontakt med? Bilen er for øyeblikket heime i Telemark, men skal snart få flytte inn hos meg på Rena..
Vil også benytte mulegheten til å dele litt med mine erfaringar når det gjeld installasjonen av desse delane. Startar med å nevne at eg er ein nybegynnar når det gjeld å skruve bil, så desse erfaringane kan sikkert for ein del virke latterlege.
Bushwacker skjermbredderane var vel i det store og det heile rett fram. Men ver obs på at bushWACKER er eit ganske reelt navn - ein må herpe bilen ganske grundig for å få plass til bredderane, noko eg syns var forholdsvis avskrekkande. Men som dei sei, "where there's a will there's a way"..
SYE-kit'et til Tom Woods var vel det eg var mest bekymra for. Har Aldri i mitt liv gjort noko ana enn å gire ei girkasse..
Sidan eg for nokre år sidan installera eit Skyjacker 3" complete lift-kit, så var eg relativt trygg på å installere 6" kit'et deira. Fekk selfølgeleg bange anelsar då eg såg den enorme haugen med delar, men har ein fysst starta... Denne monteringa var både tidkrevande og til tider vanskeleg. Det er enormt mykje delar, og bruksanvisninga er litt så som så. Og som alltid, så er det nervepirrande å ta av bladfjørene, då ein aldri veit om dei vil ut eller ikkje - sist måtte eg bruke vinkelkuttar å kutte to boltar, då desse var fastrusta i fjærhuset. Denne gongen, til min store lettelse, gjekk det smertefritt, til tross for at eg nesten bruka ei flaske med 6 - 36..