24.08.2009, 08:04
Eg ville ikkje ha gitt meg så raskt. Det kan vere mulighet sjølv om Bergheim nektar. Eg ville i alle fall ha prøvd å finne alt av reglar og forskrifter som belyser dette for å sjå om lovverket er endra.
Eg trur at det skal vere mulig dersom du kan vise til typegodkjenning med tilsvarande vekter. Eg ringte til BT angåande Chevrolet G30 og fekk til svar at det ikkje var tilfelle at nedregistreringsreglane er endra. Dersom dokumentasjon viser at tilsvarande bil av samme type er levert med lavare vekt skulle det gå bra. Måten han sa det på antyda at dette var generelt for alle bilar, og ikkje spesifikt for G30.
Eg har ikkje prøvd dette sjølv, og veit for lite om regelverket, men eg vil oppfordre deg til å prøve. Snakk med BT og høyr kva som skal til. Søk gjennom forumet her og finn ut kva BT-stasjonar som er servicevennlige og spør der. Du får gjerne heilt forskjellige svar internt i BT alt etter kven du spør, så dette er ikkje heilt rett fram.
Eg trur Bergheim har begrensa dette for sin eigen del. Dersom du ikkje har dokumentasjon på vekt må du gjerne be Bergheim om ein bekreftelse på dette, og eg trur det er her problemet ligg. Bergheim har slutta å gjere dette, enten fordi dei har blitt styrt av BT, eller fordi dei ikkje vil det sjølv lenger. Detaljane om dette må andre bekrefte, for her seier eg berre det eg har skumlest i mange innlegg på forumet.
Det blir litt synsing og litt fakta, i tillegg til litt info basert på hugs. Likevel vil eg nemne det slik at du kan gjere eit forsøk. C1 er grei å ha, men det er sjølvsagt mange fordelar med å regge ned bilen din.
Lykke til [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]