17.09.2009, 09:46
Kva som gjer at dei ikkje låser, og eventuelle krav mot Bergheim må du sjølvsagt vurdere sjølv.
Når det gjeld reglane for belter i samband med nedregging er det uansett nokre "fine" reglar som er lagt til grunn:
Alle bilar skal godkjennast etter gjeldande reglar når dei blir tildelt ein køyretøy-klasse.
Dette betyr at dei ved fyrste gongs registrering vart vurdert etter dei reglane som var i det året dei vart registrert. I ettertid har reglane blitt endra, heldigvis utan at det får tilbakevirkande kraft (altså slepp alle dei tusenvis av eigarane til gamle bilar å skifte setebelter når reglane blir endra).
Derimot vil bilen bli registrert på nytt i motorvognregisteret når du endrar køyretøy-klassen. Dette er også grunnen til at du no må ta hensyn til dagens reglar, og ikkje dei reglane som var då bilen var ny.
Du må også ta hensyn til eventuelle forskjellar mellom dei ulike klassene. Er usikker på kor store forskjellar det er, men meiner at det i alle fall tidlegare var forskjell på personbil, varebil, combi og lastebil. På personbil trur eg det var strengare krav til belter.
Eit eksempel:
Ein Chevy van frå 1990 hadde magebelte i alle seter unntatt framseta. Endring til personbil i dag medfører krav til montering av 3-punktsbelte, altså dagens reglar, mens gamle personbilar av denne typen køyrer rundt med magebelte heilt lovleg og blir godkjent med desse belta på EU-kontroll. Gamle veteranbilar køyrer gjerne rundt heilt utan bilbelter, fullstendig lovleg, og blir godkjent på kontroll. Grunnen er at dette var lovleg då bilane vart registrert.
Ein liten tilleggskommentar sidan det vart nemnt frå BT at bilen er for tung (noko eg tvilar sterkt på):
Det går an å omklasse til personbil utan å endre vekta, og det går an å endre vekta utan å endre klasse.
Nedregging til under 3,5t vil ikkje medføre krav om belter, det er det personbil-registreringa som medfører. Du utfører med andre ord to endringar samtidig, der nedregging vil medføre B-førarkort, ingen fartsgrense på 80, billig bomring osv, mens personbil-klassen medfører større frihet når det gjeld antal seter, fjerning av skillevegg osv.
Eit alternativ er å nedregge utan å klasse om til personbil (usikker på reglane rundt dette).
Eg veit eg er på tynn is her no, men like greitt å informere om det eg trur, så kan du i alle fall ta stilling til det dersom det er nyttig.
Bilen min er personbil over 3,5t. Eg trur at eg kan nedregge den utan å måtte skifte bilbelter sidan den allerede ER ein personbil, men eg har ikkje undersøkt om dette stemmer.