Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Nu skjønna æ
#9
Det er dessverre mange lover som ikkje gir så god meining. Dette må vi nok berre leve med og gjere det beste av det.

Er det forresten fleire enn meg som har lagt merke til at D1 ikkje har begrensning på vekt? C1 har grense på 7500 kg, men dette manglar på D1 som berre har grense på langde og passasjertal. Det vil seie at du kan køyre ein minibuss på 15 tonn om du vil [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/biggrin.gif[/img]
Om du klarar å få registrert den som minibuss er eit anna spørsmål, det er vel heller tvilsomt [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/wink.gif[/img]

Som andre har nemnt; skaff deg ein campingbil med 10 godkjente sitteplassar, så treng du ikkje tenke meir på vekta [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]

Forskjellen på C1 og D1 er vel eit resultat av meir spesifisering av klassene. I ein lastebil har du ansvar for stor last, altså må du ha kunnskap om lastsikring. I ein buss har du ansvar for passasjerar, altså må du ha kunnskap om fyrstehjelp mm.

Sjølvsagt har du ansvar for både last og passasjerar i ein vanleg bil også (B-lappen), men det er no ein gong slik at krava til kunnskap aukar når det er meir som kan gå gale.

I ei periode var det ein overgangsordning slik at dei som hadde D1 kunne få C1, men dette var gjeldande berre dersom du tok D1 før 1997 (eller D2 som det heitte den gongen). Det er også snakk om ei fornying av D2 før ein utløpsfrist, men denne datoen veit eg ikkje. Reknar med at det er for seint no dersom det ikkje er gjort. Eg reknar også med at du ikkje kan få ettergodkjent C1 sjølv om du oppfylte begge desse krava, dvs at du tok D2 før 1997, du fornya sertifikatet før fristen gjekk ut, men du gløymde å få med deg C1. I dette tilfellet trur eg du MÅ ta heile opplæringa til C1 på nytt.

Ta gjerne kontakt med nokre køyreskular og spør kor mykje som skal til for å få C1. Er ikkje sikkert det er så avskrekkande. Med god erfaring frå før blir det minimalt med køyretimar, og teorien kan du studere sjølv på kveldstid [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/wink.gif[/img]
Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av teddjak - 25.09.2009, 09:54
[Ikke noe emne] - av dibben - 25.09.2009, 20:12
[Ikke noe emne] - av teddjak - 25.09.2009, 20:23
[Ikke noe emne] - av Lars'ern - 26.09.2009, 21:32
[Ikke noe emne] - av teddjak - 26.09.2009, 21:38
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 27.09.2009, 15:07
[Ikke noe emne] - av Tome - 27.09.2009, 19:21
[Ikke noe emne] - av Lars'ern - 27.09.2009, 22:23
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 28.09.2009, 08:28
[Ikke noe emne] - av Tome - 28.09.2009, 09:37
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 29.09.2009, 09:01

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)