30.07.2010, 13:38
Ein ting som ikkje er nemnt tydelig nok i denne tråden.
Sjekk etter feil i det elektriske!!!
Eg har hatt to slike bilar (som forøvrig er heilt konge), men dessverre er sikringsboksen og gjennomføringa til motorrom ganske utsatt for feil. Tilkoblingane i motorrommet får ofte vatn frå bakre del av panseret slik at det blir eiring og dårleg kontakt.
På begge bilane mine har eg hatt problem med diverse kreative koblingar i tilknytning til sikringsboksen der tidlegare eigar har tjuvkobla rundt sikringane, truleg pga dårleg kontakt i sikringsboksen.
Eg har også hatt problem med vindusheisar på begge bilane.
Kanskje er det berre eg som har vore uheldig, og dette er ein type feil som du kan finne på dei fleste type bilar. Det er likevel verdt å ta ein grundig kikk på slike ting når du skal kjøpe bil. Sjekk at alle elektriske finesser virkar slik dei skal:
- Alle lys
- Blinklys
- Vindusviskarar
- Vindusheiser
- Cruise control
- Air condition
- Instrumentbelysning
Ta også ein nøye vurdering av gearkasse under prøvekøyring. Legg merke til om den girar fint og riktig, eller om du må forvente reparasjonar i nær framtid (min manglar f.eks 2.gir [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.gif[/img]) Du bør også ta deg ein litt lang prøvetur der du har minst 80 km/t i ei god periode for å vurdere støynivå. Dersom du har kombinasjonen av diesel og 3 gir (utan overdrive) vil det bli veldig slitsomt med ein langtur med høgt turtal.
Så sant du finn ein fin bil som er i god stand, så er dette ein av dei aller beste turbilane du kan få. Sjølv om eg har blitt skuffa over ein del feil (jada, eg har kjøpt veldig billig bil...), så har eg likevel blitt overbevist om at det er ein slik bil eg skal ha [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/biggrin.gif[/img]
Lykke til [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]