15.12.2010, 19:07
I dag har eg kopla opp ekstra fjernlys på bilen til foreldra mine. Det er snakk om Britax-lys, har sjølv brukt dei tidlegare, så dei burde funke. Eg kopla dei opp over Biltemas fjernlysrele, som har funka fint før. Kopla nøyaktig etter skjema som fulgte med releet, og brukte leidningane som fulgte med. Fann styrestraum frå leidninga ut i det originale fjernlyset.
Ferdig med å kople opp, klar for testing, og det viser seg at lysa lyser veldig svakt, ca som dårlege nærlys. Har opplevd same tidlegare, men då hadde vi seriekopla lysa frå releet. Det har eg ikkje gjort no, releet har ein utgang for kvart lys.
Nokon som har ein ide om kva som kan gjere at ein får eit slikt resultat?