16.12.2010, 18:17
Ja, då har eg vore i garasjen sidan eg kom heim frå jobb. Klarte til slutt å brekke laus det originale jordingspunktet, og jorda lysa dit. Ingen effekt. Drog så leidning frå releet på motsatt side av motorrommet og over, heller ikkje noko effekt. Prøvde meg fram på både det eine og det andre, og til slutt (skulle jo sjølvsagt gjort det først) prøvde eg eine lykta direkte på batteriet, ei leidning direkte på pluss, og ei direkte på minus. Framleis inga endring [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/huh.gif[/img] . Då måtte eg byrje å tenkje. Det måtte altså vere noko med sjølve lyktene. Men kva kunne det vere, som gjorde at begge lyktene, som tidlegare hadde funka fint, no lyste akkurat like svakt? SÅ slo svaret mot meg, klart som sola!
Det har seg nemleg slik at eg plukka desse lysa av ein lastebil for halvanna år sidan (etter avtale med sjefen, vel å merke...). Og kva var det eg ikkje hadde gjort? Jadda... Så då var det berre å springje ned på den lokale bensinstasjonen og kjøpe lyspærer i TOLV volt [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/whistle.gif[/img] [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/shiftyninja.gif[/img] . Så då vart det omsider lys.
Neste spørsmål: Eg ser at pæra eg plukka ut var H3 24v 75w. Dei eg fekk på bensinstasjonen var 12v 55w. Finst det 12v med meir watt, eller er 12v 55w tilsvarande 24v 75w?