17.10.2011, 22:32
Eg har i lang tid ønska å gå over til bensinmotor i staden for den bråkete 6,2D eg har no. Då kjem det naturlig nok eit par spørsmål, og sjølvsagt vil det bli mykje synsing på slike spørsmål.
Det første spørsmålet bør uansett vere enkelt å svare på med nøyaktige fakta:
- Kva type bensinmotorar er tilgjengelege? Og her snakkar vi om eit tids-spenn frå 80-tallet til i dag. Eg kjenner til f.eks 305 og 350, men det er meir enn berre størrelsen her, f.eks korleis dei har utvikla seg over tid.
Det andre spørsmålet vil framtvinge ein del synsing og ein del fakta, men er likevel fint å få kommentarar på:
- Kva er forskjellen på dei ulike typane? Då snakkar vi både trekkraft, forbruk, støy, kort sagt alle viktige egenskapar.
Eg las ein veldig fin langturtest av Tahoe 2004 etter å ha søkt litt på bensin her på Chevy-forumet. Dette er jo ein ganske ny bil med ein effektiv motor. Dersom eg er heldig klarar eg snart å få tak i ein G20 bensin, og då snakkar vi årsmodell rundt 1990. Vil ein bensinar på 5,7l (350) vere vesentlig dårlegare enn ein nyare mindre motor?
Korleis er forresten vedlikehold og vanlige feil på desse motorane? Er dei pålitelige når dei får godt vedlikehold?