Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Chevrolet 6.2D *haster*
#2
Om du er på feil forum er eg ikkje så sikker på. Dette er riktignok eit offroad-forum, men i denne Chevrolet-avdelinga har det ofte blitt diskutert mykje som ikkje er 4x4 [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Eg for eksempel har G20 og G30, så eg skulle i prinsippet ikkje ha vore her i det heile tatt [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/tongue.gif[/img]

Kan du fortelle litt meir om kva bil du har? Årsmodell osv? Det gjer det litt lettare å vurdere eventuelle tiltak.

Eg er ikkje ekspert på desse kassene, men eg har slitt litt med ei automatkasse på VAN'en min. Bilen er ein G30, 1992-modell. Kassa er ein elektrisk styrt 4L80e. Denne kassa virkar stort sett bra bortsett frå at 2.gir ikkje slår inn. Eg må akselerere til ca 40-50 før den girar opp til 3.

Eg mistenker at det er ein av sensorane som gir input til styringa som er gåen eller har dårleg kontakt, men eg har ikkje meir info enn dette.

For å finne ut kva som kan vere feil på kassa di må vi finne ut kva type det er. Difor vil infoen eg spurte om i starten vere viktig. Særleg årsmodell vil kunne gi ein peikepinn, men det er også andre faktorar som spelar inn. Det finst eit par trådar her inne som hjelper deg å finne ut kva type kasse du har. Eg skal sjå om eg kan finne desse trådane, men prøv å søk litt sjølv også. Det er også mange engelske nettsider som har haugevis av info om kasser.

Sidan eg ikkje har somla meg til å gjere noko med min egen kasse, så har eg dessverre lite konkret å hjelpe deg med, men eg håpar det kan hjelpe litt om eg kan peike på viktige trådar og nettsider for deg [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]

Når du kjem med meir info håpar eg at det er andre her inne som er flinkare enn meg til å gi direkte tips til korleis du kan fikse det [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 26.06.2012, 22:15
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 27.06.2012, 21:24
[Ikke noe emne] - av Biringen - 27.06.2012, 21:36
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 27.06.2012, 21:47
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 27.06.2012, 23:30
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 27.06.2012, 23:33
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 28.06.2012, 00:55
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 28.06.2012, 02:26
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 28.06.2012, 02:31
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 28.06.2012, 18:39
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 28.06.2012, 22:18
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 29.06.2012, 01:34
[Ikke noe emne] - av Sceolan - 29.06.2012, 08:40
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 29.06.2012, 14:02
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 29.06.2012, 19:55
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 02.07.2012, 10:42
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 02.07.2012, 15:35
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 02.07.2012, 23:05
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 04.07.2012, 22:27
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 04.07.2012, 22:31
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 05.07.2012, 21:06
[Ikke noe emne] - av Chevy1974 - 07.07.2012, 21:12
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 10.07.2012, 13:45
[Ikke noe emne] - av ChevyT - 11.07.2012, 02:01

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)