28.06.2012, 22:18
G30 ja, då kan det kanskje vere samme type kasse som eg har, altså 4L80E, men eg kan ikkje seie det sikkert.
Det skal kanskje gå an å hente ut kva type kasse du har av chassis-nummeret. Mulig du også kan finne nokre nummer og tekst på sjølve kassa, men eg veit eg er litt på tynn is her no, så eg skal ikkje vere alt for sikker.
Du kan prøve å ta ein telefon til Automatgear Service AS i Bergen. Eg vil tru dei kan gje deg litt råd og vink sjølv om du ikkje har kassa inne til reparasjon hos dei.
Tlf: 55 18 05 40.
Eg snakka så vidt med dei for eit par år sidan, og dei kan gje ein del info per telefon utan å bli grinete [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]
Dei bør i alle fall kunne fortelle litt om den kontakta du snakkar om, og dei bør kunne fortelle deg kva type kasse du har...
Var det så at det er lekkasje frå den kontakten, eller har dette blitt bedre etter at du tørka av og spraya? Ein lekkasje i kontaktene bør du nok få utbedra på ein eller annan måte, men eg veit ikkje om du må åpne heile kassa for å få det til. Mulig det er ein pakning eller noko slikt. Trur ikkje ein liten lekkasje skal gi slike problem, men lekkasjer er ikkje bra uansett.
Eg har dessverre ikkje nok kunnskap til å fortelle kva dei ulike kontaktene er til.
Søkte litt på nettet og fann ein del ting som kanskje kan vere greitt å sjekke ut:
- Limp mode, kassa går i sikkerhetsmodus pga feil som den sjølv oppdagar. Eg trur den då låser seg i 2.gir og nektar å gire opp for å beskytte kassa.
- TPS. Throttle Position Sensor. Denne er montert på diesel-pumpa og kan gi dårleg giring om den gir ut feil spenning.
- Shift solenoids. Dårleg kontakt eller feil på ventilane kan gjere at kassa ikkje girer.
- Dårlege kontakter / ledningar på ECM. Det er ein liten boks inne i bilen (trur den er under førarsetet) som tar seg av alle sensorar og automatikk. Dårleg signal til og frå denne kan skape problem.
- Jordings feil eller andre elektriske problem rundt om i bilen kan i verste fall forstyrre signala til og frå kassa slik at den ikkje virkar skikkeleg.
- Feilkoder. lampa som viser "Service Engine Soon" kan gje deg oversikt over registrerte feilkoder. Dette kan sjekkast sjølv. Framgansmåte finner du HER (på engelsk)
Framleis ingen direkte hjelp beklageligvis, men forhåpentligvis i riktig retning [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img]