09.07.2012, 10:34
Ut frå beskrivelsen din er eg ikkje sikker på om du må bytte noko. Dersom bladet går like mykje for langt ned som det går for lite opp, altså om den totale vandringa er like lang som normalt, så er det kanskje berre den ytre viskar-armen som er skeivt montert. Prøv å ta armen av og vri på den for å få den i riktig posisjon.
Eg er usikker på om det er slik det er montert på desse bilane, men det var i alle fall slik på ein gammal Ford Scorpio eg hadde. Reknar nesten med at prinsippet er likt for dei fleste biltypar.
Inne i festet til viskar-armen er det mange små spor rundt heile tappen. Ved å vri armen slik at den treffer andre spor vil du endre vandringa på viskar-bladet (ta av, vri, sett ned igjen i andre spor). Merk at dette endrar start-punkt og slutt-punkt, men det endrar ikkje lengda bladet vil bevege seg.
Dersom desse spora er utslitt er det jo ein heilt annen sak. Då vil du ikkje kunne feste viskar-armen skikkeleg, og problemet vil gjenta seg seinare. Då må du nok bytte viskar-arm eller den delen som roterer seg, eventuelt begge deler.