Eg skulle gjerne visst kva som er standard oppsett på lys på ein Chevyvan. På den eine sida har vi det originale oppsettet frå USA, så har vi lovlig oppsett i Norge, og så har vi mange "kule" oppsett som folk har laga til.
Eg vil ha så nært originalt frå USA som mulig, men at det likevel er innanfor norks lovgiving.
Bildet nedanfor viser ein tilfeldig bil av samme type med nummererte lykter
![[Bilde: 34ya48x.jpg]](http://i42.tinypic.com/34ya48x.jpg)
1: Orange lys i grillen. To ledningar som går inn. Pæra har to separate trådar.
---- 1A: Svakt lys
---- 1B: Sterkt lys
2: Kraftig fjernlys. Berre éi ledning. Pæra har berre éin tråd.
3: Hovedlys. Tre ledningar som går inn. Har to pærer der den eine har to trådar, mens den andre er ei lita pære med berre éin tråd.
---- 3A: Lita pære
---- 3B1: Svakt lys
---- 3B2: Sterkt lys
4: Sidemarkeringslys. Berre éi ledning. Pæra har berre éin tråd.
I tillegg har vi norsk ekstramontert blinklys (kategori stygt) som er montert over sidemarkeringslyset (ikkje vist på det tilfeldige bildet).
Batteriet er ute, så no har eg målt mellom pluss-kabelen (12V) og dei ulike ledningane til lysa for å finne ut kva brytarar som gir signal.
Tabellen nedanfor viser resultatet av målinga:
![[Bilde: 28lxt28.jpg]](http://i40.tinypic.com/28lxt28.jpg)
Eg synest det er litt rart at det er ingen ledning som kjem utelukkande frå parklys-brytaren, altså som blir slått av når nærlyset blir slått på. Er dette vanleg på desse bilane?
Ellers er det jo rikeleg av ledningar å ta av for å få signal til dei ulike lysa, og eg brukar relé for å gi straum til lysa slik at ledningane frå brytarane berre blir signal-givande.
Det eg treng hjelp til er å vurdere kva lys som skal vere i dei ulike lyktene, altså kor tid dei skal lyse.
Eit forslag er som følger:
1A: Påslått når parkbrytaren er på
1B: Påslått når nærlyset er på
2: Påslått når fjernlys-brytaren er på
3A: Påslått når parkbrytaren er på
3B1: Påslått når tenninga er på (automatisk køyrelys)
3B2: Påslått når fjernlyset er på
4: Påslått når tenninga er på, kanskje også når parklysa er slått på?
Og så hadde det jo vore kult om eg hadde fått sidemarkeringslyset til å blinke i tillegg til å vere påslått under køyring, men dette er vel ikkje lovlig?
Eg vil sette stor pris på tilbakemelding på korleis andre har gjort dette, både med og utan referanse til lovverket :-)