Takk for svar 
Blinklysa fann eg ganske fort ut av når eg fekk satt inn batteriet. Det var kobla riktig og virka heldigvis som det skulle, så der treng eg ikkje å gjere noko.
Med batteriet på plass fekk eg også målt med reell spenning frå brytarane, og dette vart litt annleis enn å måle motstand. Resultatet var at det ikkje var alle ledningane som hadde det signalet eg trudde dei hadde. Eg trur likevel eg nærmar meg eit brukbart oppsett.
Eg har sett litt på Lovdata, og det stemmer veldig bra det du skriv.
Likevel er eg litt nyskjerrig på dei gule lysa i grillen. Går det an å bruke det svaket lyset (1A) som automatisk køyrelys? Eg tenker i så fall å koble det slik at det automatisk blir slått av så snart nærlyset er på sidan det ikkje er lov å ha meir enn to nærlys framme (tåkelys o.l. er ikkje tillatt samtidig med nærlys).
Etter det eg kan sjå frå Lovdata er ikkje dette ulovleg. Poenget er vel at det berre skal vere to lykter påslått samtidig, dermed kan eg ikkje ha parklys eller nærlys påslått når dette er på. Lovdata ser også ut til å tillate at parklys er avslått ved bruk av køyrelys, mens det alltid skal vere påslått ved bruk av all annan frontbelysning.
Oppsettet kan dermed bli slik:
1A: Automatisk køyrelys når tenning er slått på. Blir slått av når nærlys er slått på.
1B: Blinklys.
2: Hjelpefjernlys. Blir slått på saman med vanleg fjernlys.
3A: Parklys. Blir slått på av: Parklysbrytar, Nærlysbrytar. Lyser ikkje dersom berre køyrelys er i bruk.
3B1: Nærlys.
3B2: Fjernlys. Blir slått på av fjernlysbryter, eller lyshorn.
4: Markeringslys. Lyser saman med: Parklys, Køyrelys, Nærlys
Baklysa tenker eg å koble slik at dei lyser både når tenning er på og når parklys er slått på. Det betyr at det alltid vil vere påslått så lenge minst eitt av frontlysa er påslått.
Markeringslysa bak er allerede gule, så dermed kan eg sikkert ta dei i bruk slik du nemner (saman med 4)