31.07.2013, 13:01
Hei,
Har nett kjøpt min fyrste firehjulstrekkar, og gler meg til å ta levering av min nye gamle 98 mod Galloper 2,5 TD intercooler på torsdag.
Har sjølvsagt tenkt at eg bør gjera det vanskeleg når eg fyrst byrjar, og kjøpt litt prosjekt. Skal byte toppakning på den, og ser at det er masse god info over her. Tenkjer å byte regreim, vasspumpe i same vendinga. Ser at ein får dette på skruvat.no for eit par lappar.
Eg har bytta topp før, men aldri på dieselbil. Førre eg bytte på var ein 1987 Audi 80 1,8 E.
Han som hadde bilen før meg starta på dette, men han løyste toppen på feil måte. No henger toppen i berre ein strekkbolt, noko som skulle tyda på at den sitter godt fast. Han har vridd rundt verktøyet og øydelagt bolten, dinest sveisa verktøyet fast og knekt verktøyet.
Eg håpar å sleppa unna utan å byta toppen. Planen min er å skru til att alle dei andre strekkboltane for å ta av litt last. Så nyttar eg Dremel og skjærer av hovudet på den som står der. Skrur ut resten på riktig møte og lyftar toppen rett av. Då burde eg komma til nok av siste bolten til at eg får ut den også.
Er det nokre tips og triks eg bør hugsa på?
Er det nokon som har bilete av korleis motoren skal sjå ut når den er samanskrudd? Min er litt i delar så det er kjekt å ha noko å gå etter.
Har forstått at dette er mykje same bilen som Pjaero/Montero Gen1. Men eg er uviss på kva for Haynes manual eg skal kjøpe? Eg lasta ned ein som låg på ein av linkane til Mitsubishi Info senter, Men eg vart ikkje heilt klok på det, fant liksom ikkje 2,5 TD intercooler.
Eg har stortrua på at uanset korleis dette går så har eg skaffa meg storvegs hobby ei stund
På førehand takk for svar.
Med beste helsing,
Tore