Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Tores Galloper (konebil)
#6
No er det på tide med ei ordnetleg oppdatering og visning av bilete. 

 


.jpg   DSCF1598.JPG (Størrelse: 131.49 KB / Nedlastinger: 24)

Slik såg det ut når me starta arbeidet oppi motoren.

 


.jpg   DSCF1601.JPG (Størrelse: 114.33 KB / Nedlastinger: 30)

Her er bilete av bolten som sitter fast. Det er ikkje så lett å sjå, men bolten som sitter fast er mellom ventilane til stempel 3 og 4.

 


.jpg   DSCF1616.JPG (Størrelse: 106.06 KB / Nedlastinger: 29)
.jpg   DSCF1621.JPG (Størrelse: 119.3 KB / Nedlastinger: 28)

Det tok oss ca 4 timar med Dremel og vinkelslipar å få toppen av. Skar av toppbolten, dinest vart det eit par timar med lirking og luring for å tre toppen av den delen av bolten som sat att. Me brukte lastestropper(!) festa i takstolane på garasjen og heiste den opp litt etter litt. Når toppen var av var det berre å nytte ei vasspumpetong, så kom resten av bolten lett ut.

 


.jpg   DSCF1617.JPG (Størrelse: 114.31 KB / Nedlastinger: 30)
.jpg   DSCF1618.JPG (Størrelse: 92.33 KB / Nedlastinger: 31)

Ser ut som om stempel 4 har fått køyrt seg litt, men det verkar som det er mest kosmetisk. Motoren gikk i alle høve særs lett rundt og etter nokre rundar med pakningsfjernar, barberblad og smergelpapir så fekk blokkar litt betre shine over seg.

 


.jpg   DSCF1620.JPG (Størrelse: 99.78 KB / Nedlastinger: 31)

Slenger med eit bilete av dieselpumpa, her har plomberinga forsvunne og det er stilt opp litt ifrå førre eigar.

 


.jpg   DSCF1622.JPG (Størrelse: 85.67 KB / Nedlastinger: 31)

Tok ut toppen med begge manifoilane på. Turbo osv vart og med. Her er bilete av øydelagd topp med alle delane eg trenger, plassert på garasjegolvet.

 


.jpg   DSCF1623.JPG (Størrelse: 133.94 KB / Nedlastinger: 37)
.jpg   DSCF1624.JPG (Størrelse: 160.95 KB / Nedlastinger: 32)


.jpg   DSCF1625.JPG (Størrelse: 75.6 KB / Nedlastinger: 34)

Bilete under gamletoppen. Stadfestar inntrykket av at stempel nr 4 ikkje har hatt det godt.

 


.jpg   DSCF1626.JPG (Størrelse: 93.81 KB / Nedlastinger: 28)

Denne helga vart avslutta med eit bilete av tilkoplinga til eksosen.

 

Eg bestilte desse delane ifrå Milner Off Road:

 

- 2084A Built up Cylinder Head

- 3709 Water Pump

- 6079K Timing Belt Kit

- 5319K Air/Oil/Fuel Filter Kit (Round Cylinder type Air Filter

- 3919 Liquid Gasket

 

Bestilte også Heynes manual og brukte verkstadheftet til Mitsubishi 4D56 motoren som eg fann her.

 

Luftfilteret som var med i filterpakken passa ikkje til Galloper. Så eg har eit nytt og ubrukt luftfilter av rund type som eg ikkje får brukt til noko.

 

Eg slurva diverre litt med bileta mine ei tid og har ikkje fått tatt så mange under oppbyggingsprosessen.

 

Gjorde omlag slik:

- Pussa blokka med 800 våtslipepapir. 

- Satte alle dei naudsynte delane ifrå gamletoppen på den nye.

- Talja topp med manifolier osb inn i motoren med kjettingtalje.

- Satte på ny vasspumpe

- Satte på ny balansereim og regreim

- Stilte inn timing

- Skrudde saman resten.

 

Min far har hjulpe til ein del og vart bitt av basillen. Han reiste til Askim og kjøpte seg Galloper han og, rett nok ein som verkar. Det har hjulpe mykje at me har hatt ein anna bil å sjå etter i sluttfasen.

 

Streva også som berre det med å få løyst bolten som holder drivhjulet til kamakslinga då den skule flyttast over. Det viste seg at det var veldig begynnarfeil, sidan den satt med gjengelim og det som skulle til var mykje varme, ikkje rå kraft. Det var rett før eg knakk latmannsarmen då dette skulle av.

 

Lufta dieselsystemet og bilen starta, sjølv med berre 3 glødepluggar. Den eine sitter berre i for tettheita si skuld og lyt skiftast snarleg.

 

Gløymde å stramme til den eine skruen for reimstramminga av servopumpa, så den satt fast og sleit av reima. Då vart det ny reim der.

 

Mesteparten av skruinga har foregått i min fars garasje. Sidan bilen gikk på torsdagskveld, så vart det finpuss og avreise heimover med bil på fredag, altså i går.

 

3 timars køyretur med ein bil som eg nett har bytta alt på, er spanande. Eg hadde med ekstra vatn og olje, og det var bra for motoren lakk kjølevatn som ein sil.

 


.jpg   2013-08-24 08.30.08.jpg (Størrelse: 119.74 KB / Nedlastinger: 27)

Måtte stoppe, ta av intercooler og skru til ei klemme som eg hadde gløymd. Naudløysing med strips fungerer til dels, så lekkasjen vart mindre.

 

Ulukke på vegen så eg vart ståande lenge utan moglegheit til å skaffe vatn, så bilen kokte sjølvsagt for meg også. Trur det gikk bra, for det ser ikkje ut til at det har komme vatn i oljen eller omvendt.

 

Etter eg fekk fiksa nokre av lekkasjane så stoppa det å leka bakpå motoren og starta å leka frampå. Eg veit ikkje kva dette er enno, men det er i alle høve mykje mindre.

 

Eg måtte stoppa fleire gonger på turen også etter eg fekk stramma til litt fordi temperaturen var for høg. Eg veit ikkje heilt kva som gjorde det, men håpar det berre var luft i kjølesystemet. Når temperaturen gikk opp så høyrdes motoren ut som ei tekanne som kokar, samt at det ved enkelte høve bobla voldsomt i ekspansjonstanken.

 

Heile turen vart tatt utan at temperaturmålaren inni bilen kom opp på raudt, sjølv den gongen motoren kokte litt, då var den dog faretruande nærme.

 

 

I dag har eg ikkje vore ute å sett på den då turen i går vart i overkant frustrerande. Eg håpar at eg slepp å ut med så alt for mange deler for å få motoren tett. Min far sliter og med litt varmgang på sin 2001 Galloper med 2,5 TD når motoren vert pressa litt på turtall i oppoverbakke osv. Han måtte på med varmeapparatet i går då han skulle på fjellet med fire vaksne samt baggasje, utan hengar. Er kjølesystemet på desse bilane litt underdimensjonert?

 


.jpg   2013-08-24 08.27.59.jpg (Størrelse: 221.33 KB / Nedlastinger: 25)
.jpg   2013-08-24 08.28.25.jpg (Størrelse: 186.37 KB / Nedlastinger: 22)


.jpg   2013-08-24 08.28.42.jpg (Størrelse: 141.14 KB / Nedlastinger: 26)
.jpg   20130824_082759.jpg (Størrelse: 221.33 KB / Nedlastinger: 22)

Bilen er kommen heim til parkeringsplassen. Her står den og kjøler seg ned. Den lekker kunn når motoren er varm, og medan motoren går, eller medan den er varm og det framleis er trykk i kjølesystemet (t.d. med ein gong eg har stoppa).

 


.jpg   2013-08-24 08.28.10.jpg (Størrelse: 195.96 KB / Nedlastinger: 23)

Spesialfiks på baklyset.

 


.jpg   2013-08-24 08.28.56.jpg (Størrelse: 143.49 KB / Nedlastinger: 27)

Montert turbotrykksmålar. Voltmeter skal inn ved sidan av. Målaren er ser ut til å vera litt for sensitiv, då nåla ristar noko voldsomt på tomgang og på høge turtal.

 


.jpg   2013-08-24 08.29.35.jpg (Størrelse: 167.44 KB / Nedlastinger: 22)
.jpg   2013-08-24 08.29.45.jpg (Størrelse: 188.88 KB / Nedlastinger: 30)


.jpg   2013-08-24 08.29.55.jpg (Størrelse: 235.57 KB / Nedlastinger: 21)

Motoren etter nedkjøling ved enden av fyrste langkøyring. Oppi her lekker det ein plass eller to.

Svar


Meldinger i denne tråden
[Ikke noe emne] - av Tore Bø - 02.08.2013, 10:53
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 02.08.2013, 13:49
[Ikke noe emne] - av Tore Bø - 16.08.2013, 19:20
[Ikke noe emne] - av manfred - 17.08.2013, 13:14
[Ikke noe emne] - av Tore Bø - 24.08.2013, 07:53
[Ikke noe emne] - av Tore Bø - 24.08.2013, 10:00
[Ikke noe emne] - av Kirneh - 26.08.2013, 09:24
[Ikke noe emne] - av Tore Bø - 29.08.2013, 16:16
[Ikke noe emne] - av OleH - 15.12.2015, 14:08
[Ikke noe emne] - av HardKåre - 16.12.2015, 08:52

Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)