29.08.2013, 16:16
Siter:Et sted bilen min (Mitsubishi L200) lakk var røret som kommer inn bak på termostathuset, så det er nok verdt å sjekke. Etter jeg satt på ny o-ring med pakningspasta her ble det tett og fint. Tok også en rens av kjølesystemet og nå fungerer kjølesystemet tipp-topp. Vil tro at å få det tett og en rens gjør susen for dere også
Takk for triveleg tilbakemelding. Eg trur du har skrive om dette røyret på termostathuset ein anna plass også innpå her. I alle høve så hadde eg på eit vis fått det med meg at dette kunne vera eit sårt punkt. Eg satte inn den gamle o-ringen med pakningsstoff medan eg satte på ny vasspumpe. Så dette trur eg var einaste plassen på motoren der det var tett.
Grunne til lekkasjane var i stor grad min eigen dårskap. Eg brukte nemmelg opp att dei gamle slangeklemmene som var av type klypeklemme. Eller eingongsklemme om ein vil.
Det lakk på:
- Inntaket til vasspumpa.
- Slangen som går inn i toppen bak.
- Slangen som går inn på toppen framme
- Det store retur røyret som går ifrå motoren og over til radiatoren.
Eg klarde det meste av dette sjølv, men slangen som går inn framme på toppen ender opp mellom motoren og dieselpumpa. Eg hadde ikkje lange nok fingre, ei heller langt nok verktøy til å fikse det sjølv. Løysinga vart å sette den på verkstad.
I dag har den fått ein ny slangebit, to nye slangeklemmer og eit nytt batteri. På verkstaden....
Meknikaren har vidare oppdaga at det lekker motorolje og servoolje...
So då vert det påan igjenn over helga.
Fyrst, ut å køyre bil : D

