05.04.2006, 23:00
Etter eitt år med min 83mod 300GD ser eg at den har meir rust enn eg trudde (!). Men ok. Det er hjørnene bak som er hardt angrepne og no har nedre hengsel til bakdøra gitt seg inne i konstruksjonen pluss at skruen som held dørstopparen til karrosseriet hoppar ut utan hjelp, altså rust her òg. Bilen har passert 300' og er ellers ganske god. Vil difor spandera litt tid og kroner på vedlikehald. Hjørnene er sikkert utskiftbare, og kvar får ein gunstigast tak i nye? Er det særleg komplisert med sveising inne i konstruksjonen (hengsle)?
Takk for gode råd!
Takk for gode råd!

