Hei. Er ny på forumet, og har ei gryande interesse for skogskøyring og moro i terrenget. Har ikkje tenkt å starte opp med noko slags form for konkurransekøyring eller noke slikt, men kunne godt tenkje meg å skaffe meg ein biltransporter og ein relativt lett og grei bil eg kan drage med meg der folk ferdast. Derfor lurer eg på om de kan hjelpe meg litt med valg av bil. Har sett meg ut nokre enkle og greie bilar som f.eks Suzuki SJ eller ein gammal Lada, som nok er greie å drage på sida dei ikkje veg så mykje. Har ein Hiace pr.idag, men sjefen har bestilt ein ny Transporter som eg hadde tenkt å bruke som trekkar. Uansett er det 2200 kilo som er totalvekta på hengaren på denne bilen, derfor er det nok nokre bilar som kanskje blir for tunge. Hadde jo vore moro å ta turar vinteren og utan at den forhjulsdrevne Transportaren spinn seg alldeles ut på viddene.
Som oppvakte lesarar allereie skjønar er det ikkje min intensjon å registrere bilen, så det treng ikkje være allverda til bil, så lenge den fungerer er det flott for meg. Sida det er litt begrensa med plass å skrue på hadde det vore rett moro å finne seg ein bil som kanskje er rigga litt på førehand, ein som nokre andre har vokse frå. Og sia eg er sunnmøring skal det sjølvsagt ikkje koste noke som helst for denne bilen, den skal jo helst være gratis
Tilhengar er eg og på jakt etter, så gode tips i den retninga er og interessante.
Så: Kva slags biltyper bør eg satse på for dette formålet? Kva bør eg unngå? Bør eg gå for diesel, eller er det ikkje så farleg med? Kjem jo sjølvsagt an på kor mykje ein kjører, men her eg bur skyt folk berre ein kjem for langt ut på kanten av vegen. Dermed er det ikkje kvar dag ein er på skogstur.
Andre viktige ting ein bør ta hensyn til? Har lest andre trådar med nesten samme innhald, men dei tilfella er det bilar dei skal ha på vegen, og dermed er det litt andre krav enn det eg stiller.
Og sist men ikkje minst... No hard feelings; Er det såpass til aktivitet i Sogn og Fjordane at det er hyppige treff???
Ventar spent på svar
Som oppvakte lesarar allereie skjønar er det ikkje min intensjon å registrere bilen, så det treng ikkje være allverda til bil, så lenge den fungerer er det flott for meg. Sida det er litt begrensa med plass å skrue på hadde det vore rett moro å finne seg ein bil som kanskje er rigga litt på førehand, ein som nokre andre har vokse frå. Og sia eg er sunnmøring skal det sjølvsagt ikkje koste noke som helst for denne bilen, den skal jo helst være gratis
Tilhengar er eg og på jakt etter, så gode tips i den retninga er og interessante.Så: Kva slags biltyper bør eg satse på for dette formålet? Kva bør eg unngå? Bør eg gå for diesel, eller er det ikkje så farleg med? Kjem jo sjølvsagt an på kor mykje ein kjører, men her eg bur skyt folk berre ein kjem for langt ut på kanten av vegen. Dermed er det ikkje kvar dag ein er på skogstur.