Trådvurdering:
  • 0 stemmer - 0 gjennomsnitt
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Mont. av ekstra fjernlys og arbeidslys - Pajero 89
#1
Eg har ein Pajero 2,5 TDI 89 mod. som eg ynskjer å montere på 4-6 tusenmeterar på taket, og to arbeidslys på taket bak. Eg har allereie to tusenmeterar i veltebøylen framme, og eg er klar over at det eg har planar om ikkje er etter lova, men dei konsekvensane får eg ta seinare, når eg vert stoppa av staten.

Dei to lysa i bøylen har eigen brytar, som berre virkar når fjernlyset er på, men eg veit ikkje korleis dei er kobla då det var slik då eg kjøpte bilen. Er det nokon som med sikkerheit veit korleis eg kan/må koble opp desse lysa for å sleppe å plutseleg måtte evakuere bilen pga. brann, eller å øydeleggje dyre delar?

Slik eg har forstått det bør eg ha eit relè til kvar av tusenmeterane viss dei dreg mykje straum? Viss dei dreg lite kan eg kanskje ta to lys per relè?

Går det til dømes an å ha ein brytar til tusenmeterane på taket, sjølv om ein har fleire relè? Og kan eg ha ein brytar slik at lysa virkar når fjernlysa er på, og ein "skjult" brytar under setet der eg kan kutte straumen til lysa på taket slik at evt. kontrollørar skal slite noko brutalt med å få på lysa?

Dette vart litt temmeleg mange spørsmål og innvikla, men eg håpar der er nokon kyndige som tek seg tida til å svare, slik at det kan gå an å sjå vegen no i dei komande mørke månadane.

Svar
#2
Greit med 2 releer, koble dem på en egen bryter uten noen innblanding av fjernlys er det enkleste hvis det allikvel ikke skal være lovlige.

Når det kommer til å ha en "skjult" bryter så har dette ikke noe for seg da det heter seg at alt montert utstyr skal fungerer og da hjelper det ikke å kjøre med lys på taket til "pynt" så lenge de er der uansett om de lyser eller ikke.
Svar
#3
Ett vanlig ekstralys rele tåler vel 30 ampere hvis jeg ikke husker helt feil. Så da kan du fint ha 2 ekstralys med 100 watts pærer på ett rele. Men husk tykke nok ledninger.
1997 Toyota Hilux 2.4 D
Svar
#4
uansett hva og hvordan, sett en 25A sikring ved batteriet, da vil den gå før du er i fare for å brenne opp noe....

Svar
#5
Ok, takkar for svar [img]style_emoticons/<#EMO_DIR#>/smile.gif[/img] Er det mykje problem å koble arbeidslysa til ryggelysa? Treng eg eit rele der òg, og kan eg ta styrestraum frå ryggelysleidninga?

Sett at når eg har montert ferdig alle lysa, og set alle på samtidig, vil det drage for mykje straum til at dynamoen greier å lade, og batteriet gå tomt? Eller er det noko som kan ryke? Viss eg har minst seks tusenmeterar, to grøftelys og to arbeidslys bak?

Svar


Gå til forum:


Bruker(e) som leser denne tråden: 1 Gjest(er)