16.10.2009, 20:56
Eg har ein Pajero 2,5 TDI 89 mod. som eg ynskjer å montere på 4-6 tusenmeterar på taket, og to arbeidslys på taket bak. Eg har allereie to tusenmeterar i veltebøylen framme, og eg er klar over at det eg har planar om ikkje er etter lova, men dei konsekvensane får eg ta seinare, når eg vert stoppa av staten.
Dei to lysa i bøylen har eigen brytar, som berre virkar når fjernlyset er på, men eg veit ikkje korleis dei er kobla då det var slik då eg kjøpte bilen. Er det nokon som med sikkerheit veit korleis eg kan/må koble opp desse lysa for å sleppe å plutseleg måtte evakuere bilen pga. brann, eller å øydeleggje dyre delar?
Slik eg har forstått det bør eg ha eit relè til kvar av tusenmeterane viss dei dreg mykje straum? Viss dei dreg lite kan eg kanskje ta to lys per relè?
Går det til dømes an å ha ein brytar til tusenmeterane på taket, sjølv om ein har fleire relè? Og kan eg ha ein brytar slik at lysa virkar når fjernlysa er på, og ein "skjult" brytar under setet der eg kan kutte straumen til lysa på taket slik at evt. kontrollørar skal slite noko brutalt med å få på lysa?
Dette vart litt temmeleg mange spørsmål og innvikla, men eg håpar der er nokon kyndige som tek seg tida til å svare, slik at det kan gå an å sjå vegen no i dei komande mørke månadane.