20.03.2011, 18:50
Beklager at eg startar endå ein tråd med liknande tema, men eg har søkt rundt på forumet utan å finne svar på akkurat dette.
Bakgrunnen for tråden er vurdering av innkjøp av ny bil, men eg må vite kva eg kan gjere med bilen før eg bestemmer meg for å kjøpe.
Er det nokon som veit kva som skal til for å omregistrere ein kombinertbil til personbil? Dette gjeld ein van som er over 3500kg. Kombinertbil har begrensningar i lastevolum og seteplassering, mens personbil er fritatt slikt tull slik at det er mulig å sette inn fleire seter.
Sidan eg ikkje er interessert i nedregistring (fjerning av bladfjører osv) reknar eg med at dette spørsmålet kan besvarast på generelt grunnlag. Det er altså ikkje behov for vektdokumentasjon osv, og dermed bør det ikkje ha betydning kva bil og årsmodell det er (alder på 10 år eller meir er uansett forutsetninga for avgiftsfritak). Bilen skal berre gjerast om til tung personbil.
Fordelene med omregistrering er:
- Mulighet til å sette inn fleire seter
- Ingen lastevegg
- Biltakst i bomselskap med godkjent autopassavtale (altså ingen lastebiltakst)
Bilen vil likevel vere over 3500kg med dei ulempene det medfører:
- EU-kontroll kvart år
- Maks 80 km/t
- C1-sertifikat
Er denne prosessen identisk for omregistrering frå andre avgiftsklasser også? Så vidt eg kjem på i farta er det tre ulike avgiftsklasser over 3500kg som kan gjerast om til personbil:
- Kombinertbil
- Lett lastebil
- Minibuss
Dersom eg har forstått det riktig skal det gå an å omregistrere alle desse klassene til personbil så sant vektklassen er uendra. Stemmer dette?