Har vori inne på det same, men det har ikkje vori så lett å finne slikt til "vrakpris". På den andre sida køyrer eg 12-16 hundar, og eg må ha vekt på ramma, altså: ramma må vera solid nok, og motor er greitt å ha som brems og vekt og for å jamne ut skilnaden på opp og ned - få det til å fungere meir likt ein slede. Skal du halde att like mykje hund, så snakkar vi kan hende om ei vekt på 4-500kg inkludert køyrar. To kompisar har allereide brukt yamahalisensert kina-atv, trur han heiter linhau 250, og er veldig nøgde med det. Dei køyrer opp til 16 hundar i gongen utan problem. Sjølv har eg bestild ein jiangsu Fenghua (FH250), 285kg eigavekt, stor lastekapasitet, vasskjølt og tosylindra "yamahamotor", skivebremser fram og bak (krok og vinsj for innkallingstrening!? føljer med). Pris 25.000kr + reg. hos
www.hjem-fritid.com. For 2.700kr får du med galv. hengar for uttakiong av gammelhunden når han ikkje klarar meir. Du kan berre passe på ikkje å bruke motoren når folk ser deg, så er det buksering av uregistrert køyretøy, men eg trur eg vil registrere. Elles ligg det ein arctic cat 500cc med svarte skilt til sals på postlista for hundekøyring. Sykkelen står på Røros. Prisen er 38.000 prutbare(?) kroner.
Torkjel