28.09.2004, 23:00
Hallo der ute!
Eg har nokre ting eg lurer på om de har erfaring med:
1. Eg har ein durelyd i frå forstillinga. Ein kan òg kjenne vibrasjon i bilen. Då dette er mest framtredande ved slak sving til begge sider i frå 10 km/t til 60-70 km/t, trudde eg og MB-verkstaden dette var hjullagra foran.
Skifta alt på begge sider og fekk ei h.......s rekning. Då eg glad og nøgd
trilla ut av parkeringsplassen datt haka, lyden var der framleis. MB-mannen foreslo at eit dekk(!) laga denne lyden. Det stemmer ikkje, då dekkbyter ikkje hjelper.
Etter ein del fundering kom eg fram til at det må vere opplagringa til
mellomakselen framme på klokka som er kjelda til lyden. NAF sin testestasjon her i Haugesund var òg samd i dette. Dette lageret, eller krysset foran. Krysset kjennest tight og fint ut, men lageret inn til klokka er det litt slark i. Her er det og litt svetting, så min teori er at her er det ein tetningsring, eller kva det heiter, som har sluppe inn salt og dritt.
Grunnen til at ein kjenner dette ved sving, er at då kjem tverrstaget som held akslingen framme på plass sidevegs i press, og vibrasjonane finn vegen til resten av bilen. Dei går sikkert òg via styrestaga.
Om eg renn i 40 km/t rett fram, og legg inn 4wd, vert det TIDVIS heilt tyst. Akslingen framme vert då driven av mellomkassa og lageret framme i klokka får ikkje belastning.
Er de samde i konklusjonen min, eller er eg heilt på bærtur?
Kan det vere inne i sjølve diffen? Pinjong og alt det der? Kan ein skifte lageret "utanifrå", eller må ein gå inn "bakvegen" gjennom
diffen? Må stikkakslingane framme då ut? Er det enkelt, eller må alle lagrer og greier ut for å få stikkakslingane/drivknutane ut?
Er det ein stor jobb å få bytta slike ting? Kan ikkje gjere det sjølv, men det er alltid godt å ha ein peiling før ein snakkar med verkstaden (jfr. Pondus sin mekanikar)...
2. Mellomakselen bak vibrerer i 5 km/t(kraftig pådrag i 1. gir) og i ca 37 km/t (slutten av 2. gir + heile 3. gir). Var nedpå mellomakslingen under vedhogst i vinter. Skifta knekt smørjenippel og køyrde vidare. Er det noko poeng å skifte heile greia (4200,- +mva), elle bør eg fyrst prøve å få han avbalansert(850,- +mva)? Ledda/kryssa i begge endar verkar fine, og eg kan ikkje merke noko slakk i spleinane i "skyveleddet" i midten på akslingen.
Nokon som har erfaring med slikt og som kan gje meg råd? Andre enn
Kardangaksleservice som gjer slikt?
Dette vart mykje på ein gong, men eg ser at det ligg mykje god kunnskap blandt dykk. Nokon kan sikkert svare!
Vennleg helsing
Johannes Madsen