Gå til innhold



Foto
- - - - -

Oppussing av Gobilen (Kort Pajero gen1)


This topic has been archived. This means that you cannot reply to this topic.
37 replies to this topic

#1 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 15 October 2012 - 12:47

Er vel på tide at eg introduserar meg sjølv.

Eg kjøpte meg Pajeroen, ein gen 1, 2.3l, 84 modell som første gangs bil for 4? eller var det 5? år sidan.
Det blei Godbilen ganske raskt, sjølv om eg definerte den som den verste bilen eg hadde kjørt. Men sjølv om den er dårlig til å kjøre på vegen med betyr det ikkje at den ikkje er morosam.

Postet bilde
Det var vanskeleg å finne bilder av bilen der den er så nokon lunde heil.


Litt historie:
projektet kjem litt lenger nede :)

Sommeren etter eg kjøpte bilen bestemte eg meg for å fjerne ein del rust i karosseriet. Eg hadde vore med ein kompis som hadde peiling på dette på eit par av hans bilar, men det ser altid lettare ut en det er. så sommaren gjekk og det vart ikkje gjort så mykje meir en å plukke i frå enan bilen og pirke fram alt rusta.
Så blei plutselig datoen for sauesankinga spikra, og eg oppdaga at eg hadde vel 4 veker på å sette saman bilen.
Då vart det fart i sakene og planlegging på høgt nivå med tidsfrister og det heila. Eg skaffa meg kanaler, hjulbuer og bakre hjørner frå Veng, lånte sveiseapparatet til kompisen min og brukte 2 veker på å fjerne rust å sveise inn nytt stål. Dette var første gong eg holdt i eit sveiseapperat så enkelte resultat var så som så. Pass forma til veng delene var og litt halvvegs enkelte plasser, så eg fekk prøve meg som platearbeider og.
Då Stålet var på plass brukte eg ei veke på sparkling og pussing før eg fekk kompisen min til å lakkere den siste helga før sankinga.
Her er bilen nesten klar til lakkering.
Postet bilde
Postet bilde

Siste veka blei brukt til å skrue saman bilen igjen. Det gjekk akkurat.

Etter det har det vore litt småpuss på bilen. Gjekk gjennom det "obligatoriske" topp byttet rett etter sauesankinga, pga eg gløymte å etter fylle vatn. Då det var gjennomført gjekk bilen i grøfta dagen etter, men heldigvis bare ein bulk i høgre framskjerm på grunn av kufangeren. Det vart fiksa på eit par dager.
Etter det har bilen ellers vore ganske eksemplarisk drift sikker.
Dette er vel siste bilde av bilen i saman satt tilstand
Postet bilde
Det er ikkje traktoren som dreg Gobilen opp av myra viss det er det du tenkte. :innocent:
Gjekk til innkjøp av BFG mud-terrain veka etter.

Så til Prosjektet:

Eg har vel våre lesar av forumet her nesten sidan eg kjøpte bilen, og sugd til meg alt eg kan av info. Det førte til ein del anger på at eg ikkje kjøpte gen 2 og at eg ikkje kjøpte med 2.5l motor i staden. Men det er det eg nå skal ordne på.

Prosjektet starta for ca. 1 år sidan. Eg hadde tatt Gobilen med på den årlege sauesankinga og tenkte å bruke vinteren på å ta ei skikkeleg restaurering av ramma. Denne har vist seg å vere nokså rusta og ein del av karosseri festene begynte å forsvinne :)
Planen var å bli ferdig til våren, men det gjekk jo ikkje så godt.

Postet bilde
Etter å ha fått plukka av karosseriet blei reserve bilen sjalu og knakk den eine bærebrua bak på seg sjølv. Så der gjekk den vinteren med på å ordne opp i rusta på den.
Postet bilde

Men i løpet av vinteren klekka eg ut ein ny ide. Med inspirasjon frå blant anna Kjetil og TeamVest her på forumet bestemte eg meg for å bytte drivverk til Gen 2 v6 slik at eg hadde senter diff og mulighet for sperre framme og bak. pluss bremser og det meste anna eg kunne klare å få konvertert.
Så eg satt i gang med å leite etter delebil.

I juni/juli ein gong, fann eg plutseleg ein perfekt bil på Finn. Den var ein 3l v6 som var importert, men ikkje registrert så den var ganske billing. I tillegg var det manuell kasse, som eg håpte passa på ein 4D56 motor eg fekk av ein kjenning.
Postet bilde

Etter å ha henta bilen har det gått litt seint framover pga, jobb og studier, men nå har eg fått komme i gong igjen. Forhåpentlig vis.
Postet bilde
Slik står den for øyeblikket.

Eg har og funne ut i etter tid at eg sansynlegvis har vore heldig at eg gjekk for manuell v6 i og med at desse har 8" diff framme og dermer mulighet for diffsperre. Automat har vel 7,5"? eller rundt der.

Det største minuset med bilen var at det ikkje var orginal sperre på bakaksling. det ser heller ikkje ut til å vere brems heller.
Veit nokon om det går å montere orginal sperre frå diesel aksling inn i v6 bak aksling?

Manuell kassen passa jo ikkje på diesel motoren så eg treng eit nytt kløtsj hus, viss nokon har eit :)

Plan liste: kan vokse
- 2.5l diesel, med litt trimming
- gen 2 v6 drivverk
- vinsj framme, muligens bak
- el vindu,
- sentrallås
- luft kompressor
- hydraulikk anlegg :)

Det meste kjem nok ikkje til å bli gjort i løpet av næraste framtid. Først skal rust fjernes, drivverk modifiserast og Gobilen skrues i samman igjen.

Edited by Subi, 05 November 2012 - 17:50.


#2 vikingn-trysil

vikingn-trysil

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 123 Innlegg:

Posted 15 October 2012 - 20:06

Følger med!!, hvor mye jobb var det å dele bilen og ramma? mtp ledninger osv=)

#3 Kjetil_Nylund

Kjetil_Nylund

    Skogens Konge

  • Supermedlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1534 Innlegg:

Posted 15 October 2012 - 21:34

nice :) blir moro å følge prosjektet..
hvis du har v6 motor deler til overs så si fra ;)

#4 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 16 October 2012 - 10:22

Det er helst bare ledningene som går til tanken bak og dei som går til lysa i støtfanger som må av. Er plugger til disse på greie plasser. I tillegg er det jo den til girkassen, men den kjem rett opp av golvet på sida av girstengene. Denne er det plugg til rett oppforbi gjennomføringa.
Andre ting er jo bremse røyr, handbrekk vaier og drivstoff røyr og kløtsj røyr. Desse kan skrust av i frå motor rommet ganske lett, viss du tar ut motoren. Litt meir klatt om den står i.
Så er det jo karosseri festene då. Og ratt stammen. Og olje slangene til servoen, viss ikkje dei heng på motoren då.

Motoren er alt solgt desverre.
Får satse på det kjem litt oppdateringar til helga

#5 vikingn-trysil

vikingn-trysil

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 123 Innlegg:

Posted 17 October 2012 - 16:01

fix opp en tråd i garasjer ;D eller få flytta denne dit =)

har en lang gen 1 selv =)

#6 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 18 October 2012 - 12:51

fix opp en tråd i garasjer ;D eller få flytta denne dit =)

hmm, ja det er kanskje ein meir passande plass.
Nokon som veit korleis det gjerast, eventuelt kven eg må mase på? :)

#7 vikingn-trysil

vikingn-trysil

    Offroader

  • Medlem
  • PipPipPip
  • 123 Innlegg:

Posted 18 October 2012 - 19:04

ekke så inne i forumet enda så je veit hvem adminer er hehe:P

#8 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 05 November 2012 - 17:49

Då fekk eg endelig tid til å gjer litt med Gobilen.

Eg har fått karosseriet litt ned på jorda igjen og flytta det litt vekk mens eg jobbar på rammene.
Postet bilde
og så har eg begynt å gjere klar til å ordne opp i karosserifestene.
Postet bilde
Laga ei tre ramme som eg kan bolte fast i 3 av festene mens eg fiksar det 4. for å få festepungta på rett plass.

Takk til den som flytta tråden min :)

#9 HardKåre

HardKåre

    Skogens kongle

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPip
  • 7424 Innlegg:

Posted 05 November 2012 - 17:54

Smart med den "malen" for å få punktene på rett plass!!!
If it ain't broken, you haven't been looking good enough!
HardKåres Pajeroer
HardKåres Amerikanere

#10 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 12 November 2012 - 18:22

Fekk gjort litt i helga
Postet bilde

Postet bilde
Postet bilde
Postet bilde

#11 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 15 January 2013 - 17:51

Då kjem det endelig ei oppdatering igjen.

 

Nå trur eg at ramma er ferdig sveist. Har trudd det eit par gonger tidlegare å funne fleire plasser der stålet har vore for tynt, men trur eg har alt nå.

p1050206p.jpg

Fann ein del tynne ommråder bak over bladfjørene

p1050204x.jpg

Har og oppdaga av ramma er blitt fiksa tidlegare i frå framre festene til bladfjørene og heilt bak. 

Sida som vender utover mot hjula på begge sidene er av eit stykke 4mm stål som er kappa/bøyd til. I tillegg er heile den bakerste traversen bytta ut til eit røyr på 4mm vegger. Så det var ikkje så kritisk å få sveist på desse plassane.

p1050205g.jpg

 

Måtte og bytte ut alle dei 4 midterste karosseri festene. desse kappa  eg av dele ramma og gjore litt modifikasjoner på for at dei skulle passe. 

Modifikasjonane bestod helst av å kappe av dei 2 cm for å få dei på rette plass. 

p1050207b.jpg

 

Er nå i gong med å demontere hjulopphenget framme på deleramma. Bære armene, spindel og tilhøyrande skal pussas for rust og lakkeres, før dei monteres på Gobilen.

p1050200e.jpg

 

Er det nokon som har kjennskap til melasse blanding som rust fjerner? 

Eg tenkte å tette håla i ramma med teip eller noko og så fylle opp ramma innvending med melasse blandinga for å få løyst opp det meste av rusta inn i. For så å spyle dette ut igjen, tørke for så å blåse inn olje eller liknande for å beskytte metallet før det ruster igjen.

Eg veit blandinga funderer godt bare det får ligge ei stund.

Det eg lurar på er kor skadelig denne blandinga er for stålet viss det blir liggande igjen litt etter spyling og tørking?

Og om det klarar å ete seg gjennom vanleg gaffa teip type Biltema? slik at eg må tette håla med noko betre.



#12 Lars Inderøy

Lars Inderøy

    Nytt medlem

  • Supermedlem
  • Pip
  • 45 Innlegg:

Posted 01 February 2013 - 19:36

Hvordan går det med rammen?

Heftig hakke jobb det her så er rimelig imponert over innsatsen din!



#13 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 01 February 2013 - 22:59

Takk takk.

 

Ramma er ferdig sveisa(trur eg),

Har ikkje fått gjort så mykje sidan sist oppdatering pga, skule prosjekt og sjukdom siste veka. 

Men håpar eg får tette ramma til neste veke og fylle opp med melasse. slik at det får stå og verke eit par veker før eg spyler det ut og behandler innsida men noko godstoff.



#14 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 24 March 2013 - 18:31

Då kjem eg med ei oppdatering igjen. 

 

Ramma har nå stunde med ei melasse blanding innvending ca sidan sist post. 

p1050211n.jpg

Teipen eg har brukt held ikkje heilt tett. så eg har våre ute og fylt opp ramma igjen omtrent kvar dag.

Reknar med at mesteparten av rusta innvending er laus nå. Så  morgon har eg planlagt å spyle ramma rein, tørke ut vatnet, og så behandle innsida med Fluid Film. Dette fekk eg beskjed om skulle vere noko "Good Skit", så satser på det fungerer. 

 

Utan om det har berebruer, kalippere, spindel og bremseskjold låge i melasse bad i ein månad og eg har begynt å male delene igjen.

p1050212.jpg

p1050214u.jpg

p1050215f.jpg

p1050216b.jpg

Fant ut at sidan du ser hjulopphenget på Pajero så passe godt, kvifor ikkje sprite det opp litt med farger. 

Så det blir blåe berebruer og spindler med gule detaljer.

Litt svensk altså.

Ramma blir verande svart som før. 

 

Satser på at eg hugsar å ta bilde av nedre berebruer før og etter avspyling i morgon. 

 

Har og handla inn alt eg fann av lager til v6 framdiffen på Milner sine sider. Tenker det er mykje greiare å bytte desse nå når eg har diffen på benken. Eg har endå ikkje gått til innkjøp av diffsperre, så har ikkje starta demonteringa av diffen heilt enda.



#15 HardKåre

HardKåre

    Skogens kongle

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPip
  • 7424 Innlegg:

Posted 24 March 2013 - 20:04

Kult med litt farge! :) Husk også å få farge på caliprene, de er veldig synlige med litt luft i felgene... Husk bare å bruke noe som tåler varme!
Når du først er i gang, så kan du jo vurdere blå silikonslanger fra sunoco i motorrommet også... :)


Sent from my iPhone using Tapatalk
If it ain't broken, you haven't been looking good enough!
HardKåres Pajeroer
HardKåres Amerikanere

#16 Kjetil_Nylund

Kjetil_Nylund

    Skogens Konge

  • Supermedlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1534 Innlegg:

Posted 24 March 2013 - 21:21

du skal bruke gen2 drivverk på gen1?

gen2 har ikke de bredere sporvidde, bruker du bærearmene forran fra gen2?

plass til transferkassa? passer mellomakslinger eller må de moddes...?

flytter du over hjerner til baksperre,transferkasse,frikobling av diff,abs etc... eller kobler du utenom

 

men kult prosjekt... misunner pågangsmotet ditt... :)

 

vært morro å sett kontroløren på pkk, han må jo bare bli glad og i godt humør med så mange knallfarger rundt seg :P



#17 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 25 March 2013 - 02:27

Kult med litt farge! :) Husk også å få farge på caliprene, de er veldig synlige med litt luft i felgene... Husk bare å bruke noe som tåler varme!
Når du først er i gang, så kan du jo vurdere blå silikonslanger fra sunoco i motorrommet også... :)


Sent from my iPhone using Tapatalk

 

Blir nok litt farge på kalipperene og ja. Blå silikonslanger er så vanlig. :P

 Får sjå kva eg gjer då eg byrjar å fikle med motoren.

du skal bruke gen2 drivverk på gen1?

gen2 har ikke de bredere sporvidde, bruker du bærearmene forran fra gen2?Er det som er planen ja.

Bruker berearmene frå gen 2, sporvidden leste eg ein plass vart 2-3 tommer bredere, så kan ver det merkes :)

 

 

lass til transferkassa? passer mellomakslinger eller må de moddes...?

flytter du over hjerner til baksperre,transferkasse,frikobling av diff,abs etc... eller kobler du utenom

Litt usikker på korleis mellomakselen bak blir. Den framover er eg ganske sikker passer, i og med at diffen står på samme plass på gen 1 og 2 og det bare er girkassen som er 10cm lengre og dermed også mellomakselen.

Bakakselen hadde ikkje orginal sperre, så enten må eg skaffe meg ARB sperre bak også, eller så må eg få tak i ein V6 bakaksel med 4.85(trur eg det var) utveksling med sperre og tilhøyrande kompressor. Transferkasse og frikobling og slike ting tar eg litt som det kjem. Har hjerne til heile sulamitten så er vel bare å få integrert det i resten av bilen. ABS slepp egå tenke på sidan det ikkje er det på nokon av bilene.

 

Eg planlegger ikkje så mykje, så det meste vert løyst etter kvart som problema dukker opp. Er vel helst ønske om å ha ein litt spesiell bil som driv meg, pluss å få kjøre rundt i Gobilen igjen  :thumbsup:



#18 Kjetil_Nylund

Kjetil_Nylund

    Skogens Konge

  • Supermedlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1534 Innlegg:

Posted 25 March 2013 - 21:56

gå for arb.. har det på min og kjører 97%  med kun bakhjulstrekk og bruker baksperra ved behov. funker fint.. (har ekstra manuelle nav forran pga arb i fordiff)

 

blir en kul bil når den står ferdig :)



#19 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 25 March 2013 - 23:44

får satse på det ja :)



#20 Kjetil_Nylund

Kjetil_Nylund

    Skogens Konge

  • Supermedlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1534 Innlegg:

Posted 27 March 2013 - 09:55

har forresten en 2,5 super-select kasse og (åpne) differ med 5.285 giring til overs ;)