Gå til innhold



Foto
- - - - -

Oppussing av Gobilen (Kort Pajero gen1)


This topic has been archived. This means that you cannot reply to this topic.
37 replies to this topic

#21 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 28 March 2013 - 15:01

Kan vere interessert i super-select kassa. Spørs litt på kor dyrt det blir med frakt :) 

Er eit stykke frå Troms til Rogaland :P

 

Trur ikkje eg går for lågare utveksling på differ. Har ikkje planar om så store hjul så dei eg har nå fungerer godt på vegen og brukande i terreng. Kunne muligens skaffa meg eit nedgirings kitt til transfer kassa, men det må bli ein seinare annledning, er litt dyrt :)



#22 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 14 April 2013 - 16:57

Då har eg endeleg tatt meg tid til å oppdatere nå etter påsken.

 

Mandagen i påsken fekk eg flytta ramma ut på utsida av garasjen og spylt den rein innvending. 

Dette gjor eg med å fylle opp innsida med såpevatn, la det ligge ei lita stund, for så å opne alle lufte hola igjen og spyle ut all melassen og vatnet med høgtrykkspylar. 

p1050223l.jpg

Etter dette var det tid for inspeksjon.

p1050222b.jpg

p1050224n.jpg

p1050220h.jpg

Det gråe er heilt reint ubehandla stål.

Det var enkelte flekker med rust igjen, men dette var ikkje av alvorleg grad, så alt i alt er eg ganske fornøgd.

 

Då spylinga var ferding måtte eg få tørka ut alt vatnet, dette var den jobben som tok lengst tid. 

I og med at eg ikkje har nokon form for vifte ovn eller gass ovn måtte eg ta takke med ein blåselampe til å varme opp ramma for å få fordampe ut alt vatnet. Det tok litt tid :P

 

Etter dette var det innvendig behandling med Fluid Film. Det var eit graps utan like, og Biltema hulroms sprøyta sleit med å suge det seige grapset opp frå beholdaren. men eg fekk det ut tilslutt.

 

p1050225j.jpg

p1050226v.jpg

 

Tirsdagen spylte eg reine eit par deler eg og har hatt liggande i melasse.

p1050228l.jpg

 

p1050230.jpg

Ser her at det til venstre alt har begynt å få litt brunfarge, så det gjeld å vere rask.

 

p1050234d.jpg

 

p1050236n.jpg

 

p1050239f.jpg

 

Anna som er gjort, men gløymd å dokumentera, er:

Malt begge nedre bærearmer blåe

Malt begge bremseskjolda gule

Grunna undersida av ramma.

og så tok arbeidslysta slutt for den påsken, så nå har eg vore ganske innaktiv dei siste vekene på Pajero fronten, men fått gjort litt på Gliset og eit skule prosjekt.

 

 

 

Ja, eg fekk og endelig rota med til å bestille sperre, så der forsvann eit par studie lån :P men i juni ein gong, då eg får den, bør eg vel ha resten av Gobilen klar :) 

 

Kanskje



#23 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 04 July 2013 - 08:48

Kult prosjekt!!
Hvordan går det mtp super select?
Hadde jo samme plan selv, men ble lagt litt til sides pga manglende tid, og lite pågangsmot:P
Åsså er jeg blitt litt vel avhengig av bilen, så er liksom ikke så lett å sette den til sides heller.

Hvor holder du til?
Har jo en super select liggende her, men må overhale kassa da kun 4-gir fungerer. Eventuelt montere over transferkassa.. Er kun den som er forskjellig;)


-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#24 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 14:10

Har begynt montering av hjulopphenget framme og bladfjører bak. 

Eg har studert litt med tanke på girkasse og slike ting. Husker ikkje måla heilt, men trur eg kom fram til at heile kassen og mellomaksel bakover blir 10-13 cm for lang, så denne må nok kortas inn litt om mulig. 

Planen for dei neste dagane er å få kappa av alle festene til spiralfør oppheng på v6 akselen, for så å sveise nye fester til bladfører å montere denne.

 

Eg held til på Forsand i Rogaland. 

Om du ikkje treng girkassa er eg interessert å kjøpe denne. Eg treng bare sjølve kløtsjhuset, i og med at mi dele kasse kjem frå v6 utgaven og har dermed feil boltmønster og starter på feil side av motoren. 

 

Reknar med eg skal få til ei oppdatering med bilder i kveld eller i morgon. 



#25 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 14:13

Ja stemmer det med rundt 10cm forskjell.. Må forlenge mellomaksling fremover, og forkorte den bakre.. 
På en lang er ikke dette noe som helst problem, det jeg så som problematisk på kort var en enormt brå vinkel på mellomaksling bak når fordelingskassa blir 10cm lenger, i tillegg til noe heving. Lukter slitte ledd hele tiden av slikt :P

Blir nok ikke å selge kun huset, da er resten ubrukelig.... Mulig jeg åpner og overhaler den..


-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#26 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 14:18

Ang bakakselen, jeg gjorde akkurat dette og laga nye fester.. angrer der ja..
Idag hadde jeg nok heller speisa braketter i ramma for 3 eller 4 link og beholdt spiralfjærer ;)
Er noe stivt disse bladfjærene :P


-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#27 HardKåre

HardKåre

    Skogens kongle

  • Medlem
  • PipPipPipPipPipPip
  • 7424 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 14:51

Ja, jeg tenker og at det hadde kanskje vært både bedre og lettere å montere spiral enn å bygge om akslingen til blad?


If it ain't broken, you haven't been looking good enough!
HardKåres Pajeroer
HardKåres Amerikanere

#28 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 15:11

Bedre, ja..
Lettere? Nei.. Mye arbeid som må til for å bygge om til spiral, og det må godkjennes hos svv.
Braketter på aksling til bladfjærer var gjort på en time og 2
-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#29 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 15:35

Er du villig til å selge heile girkassa med transfer og det? :) pris?

 

Tenkte på å bygge om til spiral, men kom fram til at det ville bli litt over mitt kompetanse nivå med å få beint, å i tillegg få dette godkjent.

Kva er det som gjer at du angrer på å bygge om akselen til å passe på bladfjører? bare stivheten eller er det fleire komplikasjonar?

 

Har utsatt kappinga i akselen ei god stund med tanke på at om eg kapper av festene vil akselen vere så og sei ubrukelig om eg ikkje får den til. 

Eg har og vore inne på tanken om å bare bruke den gamle bakakselen. Denne har samme utveksling, men ikkje skivebremser, som er noko av grunnen til at eg ønsker å bytte aksel. Eg ser bolthåla til den delen av akslingen som bremsene heng på er like, men er usikker på om stikkakslingane inne i akslingen vil passe over.

Dette har vore min plan B om det skulle bli litt for vanskelig med resten av ombygginga. 



#30 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 16:54

En tusenlapp så er den din.
Lett jobb. Se bilder i tråden min.
Ingen komplikasjoner, bare sørg for å få en god vinkel på akslingen før du sveiser fast brakettene. V6-akslingen jeg brukte hadde trommelbremser så aner ikke om det blir annerledes med skiver.
Hvorfor vil du egentlig ha skiver? Tromler er mer beskyttet og fungerer som bare det.
-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#31 TeamVest

TeamVest

    Grand offroader

  • Medlem
  • PipPipPipPip
  • 800 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 16:55

Stikkaksler fra v6 er ikkje like andre utgaver
-----------------------
Pajeroen -> www.PajeroFun.no

#32 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 18:38

Har ingen spesiell teknisk grunn til at eg vil bytte til skiver, anna en sidan dei har gått over til skiver må vel det vere betre :)

og tromlene på gamle akslingen nærmar seg slutten.

 

Kan du sende meg ein PM med adresse eventuelt telefon nr, så kan eg komme innom å hente kassa.



#33 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 10 July 2013 - 21:03

Då har eg litt bilder.

 

Innfestingane på bærebruene er forskjellige på gen 2 så eg måtte bruke gen 2 stabilisatorstaget

d6zg.jpgUploaded with ImageShack.com

1pel.jpgUploaded with ImageShack.com

Måtte lage nye fester til stabilisator staget framme.

6y7.jpgUploaded with ImageShack.com

 

Ser eg har ikkje tatt bilde av dei siste monteringane. dei kjem sikkert i morgon.

 



#34 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 12 August 2013 - 15:44

Då var det i morgon...

 

33ub.jpg

0tj2.jpg

eg78.jpg

3xec.jpg

vowx.jpg

 

 

Fann og ut at eg ville bruka bensin tanken frå delebilen. Den gamle dieseltanken var rusta og fæl og i tillegg ein del mindre en den andre. Tanken passer heilt perfekt i festene og mellom rammevangene. 

a2rn.jpg

 

Fekk og endelig ein gen2 girkasse frå 2.5l diesel(takk til TeamVest). sjølve kassa skal vere defekt, men eg tenker på å bare flytte over kløtsjhuset.

pmav.jpg

mnum.jpg

litt forskjell på v6 kløtsjhus og diesel. Som du ser er og inngåande aksling på kassane forskjellige. Tenker å prøve om eg kan bruke v6 kløtsj på diesel svinghjulet, men det må undersøkes nærmare.

ijpl.jpg

 

Også har eg montert sperra til framdiffen(i skrivende stund er ikkje dette heilt rett, men snart er det det  :P )

an7v.jpg

vqy4.jpg

 

Så må byrjar eg å sjå ein ende forhåpentlig vis før vinteren. litt avhenging av kor lang tid det tar å fikse opp undersida av karosseriet.



#35 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 01 September 2013 - 21:14

Nå byrjar det å like på noko i framenden av ramma iallefall.

his6.jpg

vp74.jpg

Måtte modifisere diff festet på traversen litt

la9t.jpg

Holet på V6 diffen var forskjøvet 2 cm mot venstre i forhold til den gamle diffen. Satsar på at det ikkje vert for mykje belastning på det festet. 

 

Kjenner det hjelper mykje på motivasjonen å sjå at det nærmar seg ei ramme med hjul på.

 

Eg oppdaga og tilfeldigvis då eg stod å såg på dei to girkassane eg har, at gen2 diesel kassen faktisk er kortare en V6 kassen. Då eg målte kom eg fram til at den var 8 cm kortare i kløtsj huset. Det kan og verke så V6 bakre mellomaksling er kortare en diesel akslingen, så om eg er heldig treng eg kanskje ikkje å korte inn akslingen.


Edited by Subi, 01 September 2013 - 21:22.


#36 Kjetil_Nylund

Kjetil_Nylund

    Skogens Konge

  • Supermedlem
  • PipPipPipPipPip
  • 1534 Innlegg:

Posted 01 September 2013 - 22:14

gen2 3000 v6 og 2,5 har samme kassene med betegnelsen v5mt1 (men forskjellige clutch hus) og samme mellomakslinger



#37 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 02 September 2013 - 14:42

Ut frå det eg kan sjå er kappa over utgangen til bakre mellomaksling større i diameter på V6 en. Eg kan ikkje uttale meg så mykje om kva diesel akslingenes mål er i og med eg ikkje har den, men sidan kløtsj huset er lenger, som fører til at avstand mellom enden av transfer kassen og bakaksling blir mindre, vil ikkje det føre til at mellomakslingen må vere kortare? Nå kan dette og ha med modell forskjeller og lang vs. kort utgave. Men kan poste litt bilder av mål og akslinger etter kvart så er det litt greiere å forklare :)

#38 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 02 November 2013 - 14:59

Då kjem det ei lita oppdatering igjen. Har vore travelt på skulen dei siste vekene så har ikkje fått gjort så mykje. 

 

Det eg har komme fram til etter studering, måling og til slutt prøve montering av girkassene er, som Kjetil sa rett over her, at begge girkassane er så og sei like lange om du ser vekk frå kløtsj huset. Mulig grun til at kløtsjhuset er lengre på V6'ene vl eg tru er pga. at motoren er kortare. Er dette ein fornuftig antagelse?  

Men det er forskjell på bakre mellom aksling. I alle fall frå 2.5 og V6 3l manuell.

Her er eit bilde av dei forskjellige akslingane eg har liggande.

yy7a.jpg

Dei to øverste er bakre og nederste er framre.Rektig nok er det eine settet frå Gen1

46a0.jpg

edxl.jpg

 

Eg fekk beskjed om at 2.5 kassen ikkje var heilt i orden. Då eg tok av kløtsjhuset såg eg dette

itb7.jpg

Ganske sikker på at dette er grunnen til at den ikkje fungerte heilt. i tillegg kom det ei fin blanding av vatn og automat olje ut av kassen.

 

Her er eit bilde av situasjonen i dag. 

1dao.jpg

Eg har prøve montert motor og girkasse og fått kappa bakre mellomaksling i rett lengde. Denne er nå 48cm lang, målt frå flaten mot bakaksling og til innfestinga i girkassen. Så det er ikkje store stasen. 

Framre mellomaksling ser ut til å ha lang nok vandring inne i girkassen til å måtte forlenges.

Girkasse festet ser og ut til å passe fint med innfestinga på ramma, men eg vurderar å lage eit lågare for å få bakenden på girkassen litt ned slik at ikkje vinkelen på mellomakslingen vert så skarp.

 

Ser og at planane om å få den ferdig til vinteren var litt optimistiske :) men får sjå etter eksamenane i november.